Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 28. mai 2025

Innlegget
Eg er bekymra for antalet kommunikasjonstilsette i staten, og me manglar lærarar og sjukepleiarar. Me i Senterpartiet er òg opptekne av å utføra jobben, ikkje berre snakka om jobben. Då er det viktig at staten brukar skattepengane våre på å levera best mogleg tenester til folk. Samtidig produserer altså ei rekkje statlege verksemder podkast. Datatilsynet har Personvernpodden, DFØ har DFØ-podden, Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit har Sikre kilder og Havindustritilsynet har podkast med same namn. Konkurransetilsynet har Konkurransepodden og Digitaliseringsdirektoratet har Digdir. Er dette ei god utnytting av offentlege ressursar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat