Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 28. mai 2025

Innlegget
Ein seier at me går tom for folk før me går tom for pengar, så det er viktig at politikarar i Noreg har eit edrueleg forhold til korleis me brukar tilsette, spesielt statleg tilsette. Under Arendalsveka skal ei rekkje statlege aktørar både stilla med stands, arrangera og delta på debattar. Dette kostar pengar, og me brukar folk. Senterpartiet åleine er invitert av Sørlandet sjukehus, Kriminalomsorgsdirektoratet, Noregs geologiske undersøking, NTNU, Bane NOR, Statsbygg, Forsvarsbygg, DSB og Nkom – berre for å nemna nokon. Kvifor har det blitt slik at ei rekkje statlege aktørar har som oppgåve å vera på Arendalsveka framfor berre å utføra kjerneoppgåvene sine?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat