Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2025
Innlegget
Mauna Loa var eit historisk startpunkt for moderne klimaforsking og for FNs klimapanel. Det er verdas eldste målestasjon for kontinuerleg CO2-overvaking og er ein avgjerande referanse for målestasjonar over heile verda. Felles referansar og kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å stoppa klimaendringane. Å oppretthalda denne måleserien er dermed essensielt for å forstå klimaendringar og for å utvikla effektive tiltak, men dette er no under angrep. I 2025 har Trump-administrasjonen føreslått å avslutta leigekontrakten for NOAA, National Oceanic and Atmospheric Administration-kontoret på Hilo, som støttar Mauna Loa-observatoriet. Leigekontrakten går ut 31. august, og avgjerda om fornying er framleis usikker. Éin ting er sikkert: Vert Hilo-kontoret stengt, kan dette forstyrra innsamlinga og analysen av desse kritisk viktige dataa. Å sikra framtida til Mauna Loa-observatoriet er ikkje berre eit spørsmål om vitskapleg interesse, men òg om å ta globalt ansvar. I ei tid då klimaendringane er ein av dei største truslane mot demokrati, mot sikkerheit, mot framtida til barna, er det avgjerande at me opprettheld og styrkjer dei verktøya som gjev oss nødvendig kunnskap til å handla. I ein situasjon der USA trekkjer seg tilbake og ønskjer å ta mindre ansvar for internasjonale fellesgode som klimaforsking, må andre land visa meir ansvar. Som vanleg i klimasaka vel regjeringa å sitja på gjerdet og venta. Statsråden sitt svar til komiteen er at sidan det er uvisst kva som skjer når leigekontrakten går ut, ser ikkje regjeringa at det er noko «grunnlag for å ta et særskilt initiativ til å sørge for videre finansiering». La meg minna om at dette ikkje er første gongen måleserien på Mauna Loa er trua. I 2022 vart observatoriet midlertidig stengt på grunn av lavautbrot. Då sikra NOAA i samarbeid med University of Hawaii at det vart oppretta eit midlertidig målesystem, og sørgde for å gjenoppretta delvis drift ved hjelp av solenergi og batterilagring. Dette tiltaket sikra at omtrent ein tredjedel av dei viktigaste målingane vart oppretthaldne. Det var avgjerande den gongen, men situasjonen no er betrakteleg meir kritisk. No trengst det endå større mobilisering for å sikra vidare drift av måleseriane. Som eit rikt fossilproduserande land og bidragsytar til store utslepp av klimagassar meiner Miljøpartiet Dei Grøne at Noreg bør ta på seg eit særleg ansvar for å bidra til at desse målingane kan fortsetja. Ikkje berre har me eit historisk og moralsk ansvar, men me har faktisk òg råd til det. Leigekontrakten på Hilo-kontoret er anslått til ca. 1,5 mill. kr årleg. Til samanlikning har regjeringa utbetalt omtrent 57,5 mrd. kr dei tre siste åra berre i straumstøtte til dei norske hushaldningane. Mens klimakrisa fortset å eskalera i styrke, vert kunnskap, rasjonell debatt og uavhengig forsking trua av følelsesstyrt nasjonalisme. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at Noreg bør stå opp for Mauna Loa ved å bruka nokre kroner på det. Med det tek eg opp forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat