Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 3. jun 2025
Innlegget
Det vesle landet vårt har dei siste åra opplevd fleire grufulle terrorangrep som har sett djupe spor i folkesjela vår. Desse kunne ha bidrege til store motsetnader i samfunnet vårt, men det norske folk har stått samla når tragediane har råka oss. Det er ein stor styrke for samfunnet vårt, og noko me må vere stolte av. Samstundes er det noko me aldri må ta for gitt. Komiteen sitt arbeid med meldinga om førebygging av ekstremisme viser at partia i stor grad står saman. Framstegspartiet er heilt samd med ein samla komité som understrekar at Noreg sine erfaringar med terrorisme – ekstremisme i sin ytste konsekvens – med all tydelegheit viser at det førebyggjande arbeidet mot ekstremisme må styrkjast. Me må halde fram med å stå samla mot valdsekstremisme, uavhengig av om det kjem frå ytre høgre, ytre venstre eller ekstreme tolkingar av religion. Det er berre ekstremistane som vinn dersom ein ekskluderer kvarandre og svekkjer semja om dei felles verdiane våre, som demokrati, ytringsfridom og likeverd. Det er eitt område der Framstegspartiet skil lag med resten av komiteen, og det gjeld merknadene våre om den jødiske minoriteten. Noreg har ei svært problematisk historie knytt til antisemittisme, med forbod mot tilgang til riket og norsk politi sin medverknad under holocaust. Det er urovekkjande å sjå at antisemittisme igjen er i framvekst, både i landet vårt og internasjonalt. Etter Hamas sitt grufulle terrorangrep mot Israel den 7. oktober 2023 og dei forferdelege konsekvensane for den palestinske sivilbefolkninga i etterkant har antisemittismen vakse både som ideologi og i handling. Dette er svært bekymringsfullt for dei om lag 1 500 jødane som bur i Noreg. Politiet i Oslo har måtta auke tryggleiken rundt jødiske samlingspunkt. Truslar, sjikane og diskriminering retta mot jødar har auka. Under demonstrasjonar og i sosiale medium har det vore regelrett hat mot jødar. I ei undersøking NRK gjennomførte blant norske jødar i 2023, svarte heile 69 pst. at dei hadde hatt ubehagelege opplevingar knytte til den jødiske identiteten sin etter Hamas sitt terrorangrep. 63 pst. oppgav at det var nokon med muslimsk bakgrunn som stod bak hetsen, og nesten halvparten svarte at det kom frå personar med venstreorientert ståstad. Dette er tal me må ta på største alvor, for alle skal kjenne seg trygge i Noreg. Difor er det viktig med konkrete tiltak for å styrkje innsatsen mot antisemittisme. Noko av det viktigaste me som samfunn kan gjere, er å spreie kunnskap om antisemittisme gjennom historia bak og dei alvorlege konsekvensane, særleg til dei unge. Hvite Busser og Aktive Fredsreiser sine skuleturar til Polen og Tyskland, med besøk i tidlegare konsentrasjonsleirar, har gjeve norske elevar verdifull innsikt i dei tragiske konsekvensane antisemittisme og andre ekstreme ideologiar kan føre til. Difor meiner me at alle norske elevar i løpet av skuletida bør få høve til å besøke ein konsentrasjonsleir. Framstegspartiet er kritisk til at mange av tiltaka regjeringa føreslår, vil medføre auka offentlege utgifter, utan at ein kan dokumentere effektar som faktisk reduserer ekstremisme. Samstundes blir det føreslått lite i form av sanksjonar mot lovbrot. Førebygging er viktig, men det er òg heilt avgjerande for respekten for rettsstaten vår at me har klare verkemiddel mot valdelege ekstremistar. Regjeringa burde difor vore langt tydelegare i meldinga om korleis ein vil følgje opp andre viktige område, særleg innan justissektoren. Framstegspartiet har alltid teke klar avstand frå ekstremisme. For oss er enkeltmennesket unikt, heilt uavhengig av religion, etnisitet, legning, hudfarge eller andre medfødde eigenskapar. Autoritære samfunnssystem og valdeleg tankegods har ingen grobotn i synet vårt på menneske og samfunn. Det er verdiar me deler med dei andre partia på Stortinget, og som ein står samla om. Det er viktig, for me må aldri tru at demokratiet vårt, fridom, tryggleik og ytringsfridom er verdiar me ikkje kan miste.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat