Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2025
Innlegget
Apokalyptisk! Umenneskeleg! Barn som ber om å få døy – dei orkar ikkje meir. Dette er beskrivingar frå norske legar i Gaza, der barn svelt i hel akkurat no. Me står her for å diskutera forvaltinga av det som ofte vert omtala som folkets formue eller generasjonsfondet. Det er ikkje berre ein formue; det er makt. Det er eit moralsk spegelbilde av kven me er som nasjon. Likar me det me ser i spegelen no? Er det nokon i denne salen som står inne for det norske sparepengar bidreg til i verda akkurat no? Miljøpartiet Dei Grøne fremjar i dag det me meiner er heilt nødvendige og akutte forslag. Me ber om at fondet vert trekt ut av selskap som bidreg til folkemord, folkerettsbrot, brot på menneskerettane og miljøøydeleggingar. Men kva møter me? Ei regjering og eit stortingsfleirtal som klamrar seg til status quo, som bortforklarar, snakkar varmt om ansvarleg forvalting, men som i praksis lèt fondet investera i selskap som bidreg til okkupasjonen på Vestbreidda, drap på tusenvis av barn i Gaza, og som undergrev klimamåla me som nasjon har forplikta oss til. Det er ikkje radikalt å krevja at fondet, våre felles midlar, ikkje skal bidra til å drepa barn og svelta ut eit heilt folk. Det er ikkje radikalt å krevja at fondet ikkje skal vera investert i eit land som konsekvent gjennom tiår bryt folkeretten på aller grovaste vis. Det er heller ikkje radikalt å krevja at fondet skal brukast til å dra verda i ei meir berekraftig og rettferdig retning. Det burde ha vore sjølvsagt. Det er moralsk grunnleggjande. Eg vil sitera det Raymond Johansen, tidlegare partisekretær i Arbeidarpartiet og byrådsleiar i Oslo, no generalsekretær i Norsk folkehjelp, har skrive på Facebook: «Det gjentas stadig at Oljefondet ikke skal brukes som et utenrikspolitisk virkemiddel. Men dette er et forsvar som ikke holder – for investeringer i selskaper som bidrar til folkerettsbrudd, kan aldri være politisk nøytrale. For i det øyeblikket fondet investerer milliarder i selskaper som er direkte involvert i Israels ulovlige okkupasjon og i det som av en rekke FN-organer og internasjonale eksperter beskrives som et folkemord, da har fondet allerede tatt et politisk standpunkt. Ikke å handle er også et valg. Når Norges sparepenger flyter inn i selskaper som bidrar til alvorlige brudd på folkeretten, sender vi et klart signal: Vi aksepterer overgrep – så lenge det lønner seg. Det er ikke nøytralt. Det er ikke apolitisk. Det er en aktiv medvirkning til et system som bryter med alt Norge hevder å stå for internasjonalt. Det er på høy tid med opprydning. Historien vil ikke være nådig mot dem som valgte å se bort – som prioriterte finansielle rammeverk fremfor rettferdighet, folkerett og menneskeliv.» Massedrapa me no ser i dag, er ein forsmak på den krig og konflikt og menneskelege lidingar som vil utspela seg på alle kontinent om me ikkje lukkast i å avgrensa klimakrisa. Akkurat no kollapsar isbrear, folk døyr i kvelande heite, medan varmerekordar vert knuste over heile kloden. Sveitsiske landsbyar og norske bygder vert vaska bort av flaum og skred, og Amazonas brenn. Samtidig vert den norske befolkninga si felles formue investert i selskap som øydelegg natur og regnskog, aukar samfunnets fossile avhengnad og undergrev Parisavtalen. Ein ny studie publisert i anerkjende Nature viser at utslepp frå 111 av verdas største fossile selskap, som Equinor, allereie har påført verda klimaskadar tilsvarande 290 000 mrd. kr frå 1991 til 2020. Kor store skal skadane verta før me snur? Kor mange skal døy? Og kva er poenget med å spara til framtidige generasjonar når ein samtidig investerer i øydelegginga i dei same generasjonane sitt livsgrunnlag? Miljøpartiet Dei Grøne vil ha full stans i SPU sine investeringar i kol og fossil energi, og me vil at fondet vert ein motor for grøn omstilling, ikkje ein bremsekloss som i dag. Me har òg føreslått at Etikkrådet må styrkjast. I dag er det openbert for svakt, for lukka og for treigt. Miljøpartiet Dei Grøne vil ha eit fond som er i tråd med våre verdiar, som investerer i framtida, ikkje fortidas feil, som set menneske og miljø framføre kortsiktig profitt. Me veit at me utgjer eit mindretal i dag, men me veit òg at me har historia på vår side – for framtida vil ikkje døma oss etter kor mykje pengar me tente, men etter korleis me brukte vår makt. Med det vil eg ta opp Miljøpartiet Dei Grøne sine forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat