Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2025
Innlegget
Eg vil starta med å seia at eg er veldig glad for at regjeringa har kome med dette forslaget om ein reell samtykkelov. Sjølv om prosessen har teke tid, er det ein lette at det me no skal ta stilling til, faktisk er ein «ja er ja»-paragraf. Forslaget tettar eit juridisk hol som i dag lèt mange overgrepssaker verta lagde bort, og sørgjer for at passivitet, som frys, redsel eller rus, ikkje kan forståast som samtykke utan grunnlag. Men det er veldig synd at foreldingsfristen for valdtekt kan verta gjeninnført, når me veit at det ofte tek tiår før folk orkar å fortelja, og særleg gjeld det menn. Det er dessverre framleis alvorlege hòl i dette lovverket. Den siste tida har det kome fram ei rekkje saker om kor vanleg bl.a. halsgrep har vorte under samleie for unge i Noreg, såkalla «choking». Me var mange som las NRK-saka om Frida, som opplevde ufrivillig vald og halsgrep under samleie, men som ikkje fekk medhald i at dette kunne definerast som valdtekt etter norsk lov. Det var sterk lesing. Tiltalte vedgjekk at han gjentekne gonger tok kvelartak på ho slik at ho fekk vanskar med å puste, pressa kroppen hennar ned og reiv i håret hennar. Retten meiner det er bevist, slik Frida forklarte i avhøyr, at ho fleire gonger bad den unge mannen om å slutta, gav uttrykk for smerte og gjorde den motstanden ho kunne, ved å forsøkja å dytta han vekk. Retten trudde på Frida: «Slik voldsbruken fremstod for [henne], må den ha føltes nærmest som tortur.» Men slik retten oppfatta det, var det ikkje sexen i seg sjølv Frida gjorde motstand mot, men valdsbruken. I denne saka tek ikkje domaren stilling til valdsbruken i seg sjølv, berre om vald og truande åtferd førte til sex. Retten tolka altså at det må bevisast at seksuell omgang ikkje ville funne stad i ein konstruert situasjon der vald og truslar ikkje var inne i bildet. Det betyr at norsk tingrett seier at fordi denne mannen ville ha fått lov til å fortsetja å ha samleie med Frida dersom han ikkje utsette ho for vald, er det irrelevant for spørsmålet om det er ei valdtekt, at han faktisk brukte vald for å halda ho i senga mens han fortsette. Eg er rysta over Frida-saka. Norsk lov inkluderer i dag ikkje ufrivillig valdeleg sex. Ei kvinne vert utsett for dokumentert vald, inkludert kvelartak, men mannen vart frikjend fordi retten berre vurderte om det var valdtekt, ikkje om det var straffbar vald i seg sjølv. I Noreg er det ingen eigen lovparagraf om kvelartak, slik England og Wales har innført, men samtidig har 16 av landets 23 overgrepsmottak dei siste åra hatt saker der folk fortel at dei er utsette for halsgrep. I NRK si kartlegging kjem det fram at sju av ti unge kvinner har opplevd kvelingssex, og kvelingssex er faktisk farleg, uansett om det er samtykke, og når det er ufrivillig, er det grufull vald som det må slåast hardt ned på. I Sverige har dei same urovekkjande utvikling som oss innan «choking», og undersøkingar der viser at kveling er den nest vanlegaste drapsmetode ved partnardrap. Det er no dobbelt så høg risiko for å verta drepen ved kveling i Sverige, viss du under 25 år. I Noreg treng me meir kunnskap, meir førebygging, og me treng betre lovverk. Som Frida sjølv seier: «Loven vi har i dag, beskytter oss ikke.» Difor har me i Miljøpartiet Dei Grøne fremja eit laust forslag der me ber regjeringa sjå på endringar i valdtektsparagrafen, slik at ikkje-vilja seksualisert vald kan dømast som valdtekt, slik bl.a. England og Wales har innført. Med det tek eg opp Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat