Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Eg hadde lyst til å halda eit innlegg til, berre for å takka veldig tydeleg dei som har kjempa fram den sigeren som kjem i Stortinget no: den breie kvinnebevegelsen, som har kjempa i årevis, overlevande, aktivistar, organisasjonar, som dei som står ute på plassen akkurat no, Sex og Samfunn, Juridisk rådgivning for kvinner, sanitetskvinnene, Amnesty og mange fleire. Me skal feira i dag. Eg vil understreka at dette er ein stor kamp som handlar om meir enn lovgjeving. Det handlar om kultur, det handlar om normer, det handlar om kommunikasjon, det handlar om oss som enkeltmenneske og oss som samfunn. Eg vil som førre talar understreka at det må jobbast mykje meir med opplysning og med førebygging. Folk må læra om kva frysrefleksen er. Det kan ikkje vera tilfeldig om ein ser ein Instagram-post for å læra om kva frysrefleksen er. Me må læra opp barna våre, me må læra opp ungdommane våre. Eg har sjølv opplevd å verta sovevaldteken. Det har veldig mange kvinner i dette landet. Eg har sjølv opplevd å gå til den mannen som har valdteke meg, og forklart han at han har valdteke meg – å stå i det, finna orda for det, forklara han det gjentekne gongar, til eg plutseleg ser at det går opp eit lys. Me må ikkje la norske jenter og gutar stå åleine med dette. Me må læra opp våre unge om kva dette er, kva det kan vera, kor det finst hjelp, kor det finst språk. Eg vil oppmoda alle innstendig til å stemma mot å innføra foreldingsfristen igjen når me skal stemma over denne saka i morgon. Stem mot å innføra foreldingsfristen for valdtekt igjen. Det kan ta tiår å klara å snakka om vonde ting. Det kan ta tiår å våga å stå fram. Gje ofra den moglegheita.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 5. jun 2025 — OverStortinget