Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2025
Innlegget
Hei til EU! Det norske demokratiet har mange kvalitetar, men ei av svakheitene er at me ofte fører dei største og viktigaste samtalane innanfor veldig smale rammer, og det at me faktisk ikkje brukar tid saman på å diskutera dei viktige tinga, fordi me brukar timevis kvar dag framfor kvar vår skjerm som tek merksemda vår dit algoritmane vil. Me får eit totalt feil inntrykk både av saker og av kvarandre, og me gjev altfor mykje merksemd til kommentarfelttroll og til dei mest spissformulerte populistane. Stille vatn er djupast, seier eit ordtak, og det beskriv korleis folk som er reserverte, beskjedne eller stille, kanskje ofte er dei klokaste. Det er ikkje så mange av desse folka i denne salen, kan me vel innrømma, men det er mange av dei der ute. Spørsmålet om Noregs forhold til EU er eit stort og viktig spørsmål. Det er grunnleggjande for framtida til alle i Noreg. Det angår suverenitet, arbeidsliv, naturressursar, klima og sikkerheit. Likevel har me ingen brei strukturert arena for å diskutera det. Miljøpartiet Dei Grøne har difor føreslått å oppretta eit panel av vanlege borgarar som kan få tid, kunnskap og moglegheit til å diskutera dette spørsmålet i djupna – ikkje for å bestemma, men for å informera og inspirera både offentlegheita og oss som er valde inn på Stortinget. Dette er ikkje ein ny metode. Folkepanel er brukt med hell bl.a. i Irland, til spørsmålet om abort og ekteskap, og i Frankrike, om klimapolitikk. Erfaringa er at det fremjar informert dialog, det dempar polarisering, det byggjer tillit mellom borgarar og avgjerdstakarar, og det er dette me no ønskjer å overføra til den norske EU-debatten. Me har eit godt døme frå denne våren på kor godt eit sånt folkepanel kan fungera. Framtidspanelet består av 66 vaksne nordmenn som er tilfeldig utvalde blant 40 000, og som er folk frå alle samfunnslag, frå heile landet, med ulik alder og livserfaring. Oppdragsgjevarane er WWF, Redd Barna, Caritas, Framtiden i våre hender, LNU og Langsikt, som ønskjer å skapa ein inkluderande og faktabasert debatt om norsk økonomi og å få gode anbefalingar til kva Noreg bør gjera for verda med rikdomen sin, til beste for noverande og komande generasjonar – og dei fekk det til. Spørsmålet om EU-medlemskap bør avgjerast ved folkerøysting, men eit folkepanel kan koma før og vera eit godt tilskot. Folkestyre bør vera meir enn at folk kan stemma på oss her inne kvart fjerde år. Me må skapa politiske arenaer der folk vert høyrde, og der me som vert valde til denne salen, kan lytta. Me i Miljøpartiet Dei Grøne trur på nytenking, på dialog, på folk, og me trur på folkepanelet som ein reiskap for eit meir robust, inkluderande og kunnskapsbasert demokrati. Med det viser eg til forslaga i representantforslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne og varslar støtte til Venstre sitt forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat