Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. jun 2025
Innlegget
«Det er som bokbrenning i Tyskland i 1933», sa professor Bernt Hagtvet i VG denne veka om Trumps kamp mot amerikanske universitet. Eg var blant dei mange studentane som tok det populære kurset til Hagtvet, Folkemord og politisk massevold i det 20. århundrets politikk, då det gjekk på Blindern. Me drog på studietur til Berlin. Me studerte konsentrasjonsleirane og lærte korleis nazistane gradvis avskaffa ytringsfridomen, kartla minoritetar og gradvis auka angrepa på dei. Me studerte korleis autoritære ideologiar vaks fram, og korleis demokratiet i det største og viktigaste landet i Europa vart avskaffa på få år. Eg hadde aldri drøymt om at eg skulle få oppleva det eg gjer no, i det mektigaste landet i verda. Trump-administrasjonen kuttar ikkje berre støtta til amerikanske universitet, dei legg ned forbod mot ord som klimaendringar, dei truar studentar og akademikarar til tausheit, dei slettar livsviktige forskingsdata, dei driv systematisk kartlegging av kven som er homofile og trans, og dei deporterer og fengslar menneske med minoritetsbakgrunn, utan lov og dom. Kor dette vil enda, er det ingen som veit, men la oss ikkje vera naive. Eg vil minna om at titusenvis av menneske allereie har døydd på grunn av kutta til Musk og Trump i USAID, døydd av mangel på medisinar og reint vatn i område med kvelande hete på grunn av klimaendringane det ikkje lenger er lov å snakke om på amerikanske universitet. «USA har alltid tatt imot oss, nå er det på tide at vi gir muligheter tilbake», sa professor Hagtvet til VG denne veka, og eg er einig. Når dette no skjer, er det i interessa til både Noreg og dei som i dag er i ein vanskeleg situasjon i USA og ønskjer å flytta til Europa, at Noreg legg til rette for at det skal verta enkelt å koma hit. Dette kan gjelda alt frå ingeniørar til fornybarbransjen og helsepersonell til fråflytta distriktskommunar i Noreg, til forskarar til dei fremste utdanningsinstitusjonane våre. Me ser at ei rekkje europeiske land no posisjonerer seg for det som potensielt kan vera hundretusenvis av høgkompetente amerikanarar. Land som Frankrike, Finland og andre gjennomfører tiltak for å tiltrekkja seg denne arbeidskrafta, fordi dei veit at samfunnet vil tena på det. Samtidig står Noreg passivt og ser på. Miljøpartiet Dei Grønes forslag handlar ikkje om å stela folk frå USA eller undergrava for andre land som me historisk sett har stått nær, det handlar om å anerkjenna ei utvikling som uansett skjer som følgje av den sjølvsaboterande naturen til Trump-administrasjonen, og sørgja for at Noreg òg kan dra nytte av denne høgkompetente arbeidskrafta og tilby ei trygg hamn. Difor er det synd at fleirtalet på Stortinget ikkje ønskjer å føreta seg noko særleg i dag. Det er tusenvis av dyktige folk innanfor ulike bransjar som Noreg kunne ha trengt. Dette er kompetente folk som kan bidra til å berika landet vårt. Når me ikkje hjelper dei, vert turen hit vanskelegare og situasjonen for dei vanskelegare. Det er synd.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat