Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2025

Innlegget
Førebyggings- og behandlingsreforma er eit svar på rusreforma til Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti, som blei stemt ned i 2021. I Senterpartiets auge var det ei rein avkriminaliseringreform. Førebygging og behandling har ikkje vore godt nok i Noreg, og difor ønskte me ei reform. Me ønskjer at ein skal førebyggja betre, og at ein skal behandla betre. Om representantane frå Venstre er usikre på politikken til Senterpartiet, er det berre å lesa i innstillinga til saka me debatterer i dag. Sidan 2021 har verda endra seg. Aldri før har det i Noreg vore beslaglagt så mykje kokain, og me ser svenske gjengar på frammarsj. Noreg er ein attraktiv marknad, og våre ungdomar blir rekrutterte. Resultatet av rusforliket mellom Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og SV er at det skal vera minst mogleg følbare reaksjonar på bruk av rusmiddel. Desse partia skil i stor grad ikkje mellom rusmiddelavhengige, rekreasjonsbrukarar og ungdomar, bortsett frå at rusmiddelavhengige kan få behalda det ulovlege rusmiddelet, og at dei ikkje får bot. Det er altså opp til politiet sjølv å vurdera kven som er rusmiddelavhengig og ikkje, noko Høgre og Venstre tidlegare har vore sterkt kritiske til når me har sagt det er mogleg å skilja desse. Ungdomar over 18 år og rekreasjonsbrukarar kan få bot om politiet oppdagar bruk eller innehaving. Om dei ikkje godtek det, vil dei måtta gå til rådgjevande einingar for russaker, som f.eks. MO-Ung i Stavanger. Bøtene skal vera av låg sats, men det betyr likevel at dei som har pengar, kan betala seg ut av det. Dei som ikkje har pengar, må gå til rådgjevande einingar. Her legg fleirtalet opp til narkotikabruk for dei med pengar. Dette er feil på så mange nivå. Rusforliket gjev tydeleg signal til politiet om at dei ikkje skal prioritera bruk og innehaving. Det er det stikk motsette av kva Senterpartiet ønskjer. Me ønskjer at ein skal gje dette større oppmerksemd, for me ser ein auke både i rusmiddelbruk og i kriminaliteten det fører med seg. Fleirtalet i dag vil gjera testing for narkotikabruk svært vanskeleg å gjennomføra, og det vil i praksis ikkje skje. Korleis skal politiet då oppdaga bruk og innehaving av narkotika? Narkotika blir seld på nett. Korleis skal politiet klara å finna bakmennene som er på Snapchat? Korleis skal me få bukt med sal av narkotika, innførsel av narkotika til Noreg, og at Noreg begynner å bli ein meir og meir attraktiv marknad? Senterpartiet føreslår i dag ransaking sånn at politiet kan sikra digitale bevis ved å undersøkja mobiltelefonen til mistenkte. Det må vera det minste å forventa, for rusmarknaden avlar kriminalitet. Det ser me veldig sterkt i Rogaland, og me ser det spesielt i Sverige. Raske pengar avlar kriminalitet. Alt skjer på mobiltelefonen, men den ønskjer ikkje fleirtalet i dag at politiet skal få heimel til å sjekka. Me gjev no signal til politiet om at narkotikabruk ikkje skal prioriterast, noko som òg gjev signal til ungdomar om at det ikkje er så farleg. Både som stortingsrepresentant og som sjukepleiar er eg svært bekymra for konsekvensane av dette rusforliket. Me ser allereie ein auke i rusmiddelbruk, særleg av kokain, som er svært vaneskapande. Her snublar fleirtalet på Stortinget på oppløpssida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat