Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Dette er ein del av førebyggings- og behandlingsreforma. Me i Senterpartiet, og for så vidt også Arbeidarpartiet, ønskte førebyggings- og behandlingsreforma fordi førebyggingsdelen ikkje har vore eller er god nok, og behandlinga er ikkje god nok. Som tidlegare helsepolitikar var eg stolt av å kunna leggja fram del ein, som er helsedelen, tidlegare. Eg blir forvirra når eg høyrer Høgre i dag. Representanten Ingunn Foss frå Høgre legg veldig trykk på at dette ikkje er ei avkriminalisering, men då eg som helsepolitisk talsperson var i debatt om helsedelen tidlegare, var representanten Sandra Bruflot frå Høgre ganske tydeleg på at ho ikkje ville ha del to. Ho meiner at justisdelen, altså den me debatterer i dag, berre kunne leggjast i ein skuff og ikkje leggjast fram. Er Høgre for eller imot ei avkriminalisering? Det er stor usikkerheit knytt til om dette er ei liberalisering eller om ein går i retning av avkriminalisering. Når ein høyrer på delar av Høgre, er det ikkje avkriminalisering, men andre delar av Høgre vil gå endå lenger. Er Høgre for eller imot at brukarinnehaving av narkotika skal vera forbydd? Er Høgre for eller imot å ileggja bøter for narkotika? Eg blir forvirra og ønskjer at dette skal avklarast – ikkje for meg, men for veljarane sin del.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat