Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2025

Innlegget
Eg er lei av at folk og næringsliv blir plaga med avgifter, for avgifter rammar skeivt. Folk betaler det same uansett kva dei tener eller har i omsetjing. Det er usosialt, og det bør fleire parti ta inn over seg. For meg handlar politikk nettopp om å gjera kvardagen litt betre for folk som bur i Noreg. Høgre, Arbeidarpartiet og dei andre avgiftspartia her i salen er villige til å auka avgiftene, ta inn den eine avgifta etter den andre frå EU og leggja avgifter på folk og næringsliv. Når dei får kritikk, seier dei at dei skal bruka skattebetalarane sine pengar på kompensasjon. I overført betydning skal altså folk gje eit eple til staten, la staten ta ein stor bit av eplet og så gje det resterande av eplet tilbake. Det viser ein manglande respekt for innbyggjarane sine hardt tente pengar. Det øydelegg legitimiteten til klimapolitikken, kvifor me treng ein klimapolitikk, og for måloppnåinga. Om partia her i salen opplever manglande interesse og engasjement for klimapolitikk, har dei seg sjølve å takka. Slik blir det når klimapolitikken endar opp med at folk og næringsliv blir pålagde krav, avgifter og gebyr for å kutta utslepp. Det finst allereie lågthengjande frukt som dei same partia nektar å plukka ned, som å nytta skogen til å få ned utsleppa. Verkemidla i klimapolitikken må ta omsyn til geografisk og sosialt rettferdig omstilling. Me ser eksempel over heile Europa på kor gale det kan gå når parti og land ikkje tek omsyn til dette. Dei første som bør ta det inn over seg, er dei sosialdemokratiske partia. Avgifter på bensin og diesel rammar direkte på botnlinja til dei som held Noreg i gang, og er ei stor ulempe for folk som er avhengige av å køyra bil i kvardagen. Noreg er eit særeige land med store avstandar, så at Senterpartiet går inn for å gjera diesel billegare for folk, handlar om at me ønskjer å gjera livet betre for oss som bur i Noreg. I dag går fleirtalet inn for å auka avgiftene på drivstoff drastisk. Bakgrunnen for dette er ideen om at jo meir folk må betala i avgifter, jo mindre kjem folk til å ha råd til å køyra bil. Tek ein ikkje inn over seg dei som er avhengige av bil, eller dei som ikkje har råd til å køyra bil? Til og med i Oslo er ikkje eingong halvparten av bilane elbil. I Finnmark er det 8 pst. og i Innlandet 14 pst. Det rammar dei same innbyggjarane me er sette her for å representera. Partia i denne salen må ta inn over seg at det å setja høge mål, gjev konsekvensar. Å vedta slike mål utan å klargjera kva ytterlegare grep ein vil ta, kva konsekvensar dette vil gje for samfunnet, kven som skal betala, og kva konsekvensar det vil gje for andre vedtekne målsetjingar for samfunnsutviklinga, er i beste fall useriøst.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat