Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2025
Innlegget
Eg er her som vararepresentant og tenkte eg skulle følgje ein spennande debatt. Han har vore god. Det er mange ulike syn. Eg klarte ikkje å dy meg lenger. Eg er til dagleg ordførar på Stord, og eg har foreldre som kjem til meg og fortel kva som skjer i kommunen eg er ordførar i. Det er skremmande. Det er 19 300 innbyggjarar og ikkje den største kommunen, men me har utfordringane. Eg skal ikkje stå her og seie at dagens lov fungerer, for det gjer han ikkje, men eg er veldig usikker på om fleirtalet treffer. Eg skal forklare kvifor. I dag får ungdomsskuleelevane våre utdelt gratis – gratis – stoff. Kvifor får dei gratis stoff? Jo, det er for at dei skal kome inn på ein bane som gjer at dei blir avhengige. Dei som deler ut dette gratis stoffet, er dei som blir trefte av forslaget om auka brukardose. Det er framleis ungdomar som deler ut gratis stoff. Dei har jo no lettare for, viss eg har forstått forslaget frå fleirtalet rett, å seie at dette er til eiga bruk. Dei me må ta, er jo bakmennene og dei bak dei igjen. Eg er livredd for å senke terskelen så desse mellomstore ungdomane lettare skal gå inn på banen med å dele ut gratis stoff. Lykkast me ikkje med det, får me fleire som blir avhengige av stoff. Uansett kva utfallet blir, må me gje politiet verkemiddel som gjer at dei kan ta dei – om det er mellommenn eller bakmenn. Me kan ikkje ha det sånn som me har det i dag. Eg er vararepresentant desse siste vekene på Stortinget. Representanten Hovland er her også. Me kjem til å møtast i politiråd, for han skal tilbake som lensmann Hovland, som eg seier. Han skal tilbake til Stord, og der vil me møtast i politiråd. Eg gleder meg til debattane me skal ha i etterkant, der me òg skal diskutere utfordringane me har lokalt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat