Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Det vert vist eit veldig engasjement frå Framstegspartiet og Senterpartiet her i dag for å hindra narkotikabruk og -avhengigheit blant unge. Det engasjementet trur eg me alle her inne deler. Ingen ønskjer tungt rusmisbruk for barna sine eller nokon av medborgarane sine. Me i Miljøpartiet Dei Grøne kjempar for at politikken skal vera kunnskapsbasert og fri for fordomar, og han skal vera effektiv. Då er straff for rusbruk direkte kontraproduktivt. Kvifor vil ikkje då desse partia som er så engasjerte om dette temaet – Senterpartiet og Framstegspartiet – vera med og satsa på det som faktisk funkar? Straff funkar ikkje, førebygging funkar. I dag er nær halvparten av fritidsklubbane i Noreg trua av nedlegging. Ønskjer ein hjelp for rusavhengigheita si, må ein ver så god stilla seg i kø, og det er truleg alkohol som er det største og mest skadelege rusproblemet me har i Noreg. Det tar hundrevis av liv kvart einaste år og øydelegg tusenar fleire. Me har dessverre ein rusdebatt i Noreg som er prega av gamle fordomar. Eg vart med i Miljøpartiet Dei Grøne fordi det er eit parti som kjempar for at flest mogleg skal kunna leva eit godt liv, lengst mogleg, i alle land, alltid. Det inkluderer unge og gamle i Noreg, det inkluderer barna som ikkje er fødde enno, det inkluderer barna i Kongo, barna i Gaza og barna i Philadelphia i USA. Det gjeld alle i Noreg: Uansett kor ein bur, korleis ein ser ut, kven ein elskar og kva slags rusmiddel ein bruker, fortener ein eit best mogleg liv og eit lengst mogleg liv. For å få ned rusbruken i Noreg trengst ikkje meir straff, men me treng mykje anna. Me treng ein god bustads- og sosialpolitikk som funkar, og som sikrar folk ein trygg plass å bu og mat på bordet. Me treng ikkje fleire fengselsplassar, men me treng gode barnehagar og ei endring av norsk skule, sånn at fleire finn meining og meistring og fellesskap der. Me treng fleire sommarjobbar for unge, og me treng fleire fritidsklubbar, ikkje færre. Me treng eit skikkeleg behandlingsopplegg innan psykiatri og rus. Me treng framtidshåp. Me treng mindre straff, meir medmenneskelegdom. Me i Miljøpartiet Dei Grøne ser på dagens einigheit som eit lite skritt i riktig retning, og me skal feira det vesle skrittet. Likevel er me langt frå målet om å verta kvitt straff og stigma mot dei som bruker rusmiddel, og om å jobba effektivt med førebygging og inkludering i Noreg. Miljøpartiet Dei Grøne vil fortsetja å kjempa for ein meir kunnskapsbasert og human ruspolitikk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat