Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Nedbygginga av naturen i Noreg er ute av kontroll, og i praksis har naturen inga rettssikkerheit. I dag vil altså fleirtalet på Stortinget gjera dette endå verre. Det er ikkje overraskande at Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet vil byggja ned meir norsk natur. Det er i grunnen i tråd med slik dei har jobba lokalt og nasjonalt i mange år. Det som er forbausande, er at det presumptivt seriøse partiet Høgre vil endra forvaltingsloven og forholdet mellom forvaltingsnivåa heilt utan å greia ut konsekvensane først. Dette forslaget ber preg av hastverksarbeid og lettvint ideologisk markering, med enorme konsekvensar for norsk natur. Eg trur ikkje partia som har tenkt å stemma for dette, har oversikt over eller aning om korleis det vil påverka anna lovverk, men realiteten og intensjonen med forslaget er klart. Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet vil endra spelereglane på ein måte som gjer at dei vil byggja ned meir natur, og dei som vil byggja ned, får meir makt. For den lettlurte kan det kanskje høyrest fint ut at det no skal leggjast særleg stor vekt på lokaldemokrati dersom nokon klagar på ei lokal avgjerd, som f.eks. bygging av ein næringspark, som ikkje er ein park, i eit naturområde. Men realiteten i dette er svært alvorleg. Meir natur skal byggjast ned – i strid med fellesskapets interesse, i strid med internasjonale forpliktingar, i strid med interessene til framtidige generasjonar. Me står midt i ein økologisk kollaps. Rapportar viser at dei livsviktige insekta våre kan forsvinna fullstendig i løpet av eit århundre. Det betyr slutt på mat for menneska. Utbyggjarane har allereie veldig mykje makt. Dei kan trua lokalpolitikarar med å flytta prosjektet sitt til ein annan kommune om dei får nei, og dei kan føreslå det på nytt etter nokre år, når naturvernarane er utslitne etter ubetalt kveldsarbeid og ordføraren er bytt ut med ein som er meir næringsvenleg. Natur og dyreliv har ikkje dei same korta på handa. Dei har ikkje pengesterke forsvararar. Dei har inga moglegheit til omkamp. Eit naturinngrep er irreversibelt. Eit økosystem er fullt av artar som er gjensidig avhengige av kvarandre, og kan aldri flyttast. Vert forslaget vedteke, er dette ei oppskrift på allmenningens tragedie og massedød for norsk natur. Til dei som har tenkt å støtta dette, har eg nokre spørsmål. Har dei ikkje merka korleis fuglesongen stilnar og fuglefjell forsvinn? Har dei ikkje lytta til fagkunnskapen, og bryr dei seg null om kva framtid ungane deira skal oppleva? Folkefleirtalet i Noreg er tydeleg: Tre av fire nordmenn vil at regjeringa skal ta meir ansvar for å hindra bit-for-bit-nedbygging av natur. Eg håpar Stortinget lyttar til folk flest og seier nei til sløsing med norsk natur, nei til slurv og useriøs hastverksbehandling og stemmer mot forslaget frå Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet om å endra forvaltningsloven § 68.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 10. jun 2025 — OverStortinget