Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Lenge trudde me at Facebook, Microsoft, Amazon og dei andre tekgigantane jobba med eit mål om å knyta folk og verda tettare saman. I dag veit me at det motsette skjedde. Dei har løpt ærend for autoritære regime, aktivt støtta autoritære politikarar, dei har selt persondataa våre til høgstbydande og laga algoritmar som bevisst splittar oss og øydelegg livet vårt. Det har mildt sagt ikkje vorte noko av det globale paradiset av gratis og fri informasjon som nokon trudde me skulle få. Heile businessmodellen til desse selskapa handlar om å samla inn, ta kontroll over og selja data om oss. Til saman kontrollerer Google, Microsoft og Amazon to tredelar av all skylagring i verda. Dei tener store pengar på å lenka folk, statar og bedrifter fast i deira digitale infrastruktur. Datalagring er no grunnleggjande infrastruktur som me må ha demokratisk kontroll over, på same måten som me har det over vegane våre, kraftnettet og vassforsyninga. I år er det valår, og den russiske påverknaden på demokratiet vårt som me veit føregår, finn stad på plattformer alle brukar i kvardagen sin i time etter time. Den siste tida har me òg fått eksempel på at tekoligarkar i USA brukar den rå makta si til å påverka val hos våre allierte i Europa. Det er på overtid å laga ein heilskapleg digital beredskapsplan som bringar den nye digitale infrastrukturen inn under demokratisk kontroll. Miljøpartiet Dei Grøne ber difor om at regjeringa utarbeider ein digital beredskapsplan for å redusera Noregs teknologiske avhengigheit til USA og Kina, i samarbeid med sivilsamfunn og næringsliv. Me kan ikkje risikera at heilt kritiske delar av samfunnsstrukturen vår vert selde og kjøpte på verdas børser av aktørar me har null styring på. Me kan ikkje godta situasjonen der framande aktørar når som helst kan skru av lyset vårt. Me må eiga og styra det viktigaste sjølve – det er heilt grunnleggjande – og politikarane har for lenge sove i timen. Me kan ikkje vera så naive at me skal belaga oss på at nokre snille kapitalistar skal halda president Trump eller president Xi unna dersom dei ser seg tente med å bruka vår avhengigheit av amerikanske og kinesiske tenester mot oss. Eg er glad for at det i denne innstillinga vert uttrykt forståing for og delvis støtte til dei forslaga som Miljøpartiet Dei Grøne har fremja i representantforslaget. Forslaga vert kanskje røysta ned i dag, men problema forsvinn ikkje. Snarare vert dei meir prekære for kvar dag som går. Det norske stortinget må finna saman på tvers av partiliner og -blokker for å sikra den grunnleggjande norske infrastrukturen, vårt demokrati og vår offentlegheit og finna løysingar for at me i størst mogleg grad kan riva oss lause frå aktørar som ikkje deler korkje våre interesser eller våre demokratiske ideal.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat