Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2025
Innlegget
Det er få lover som er viktigare enn barnevernslova. Det skuldast at lova kan gripe så djupt inn i livet til enkeltmenneske og familiar. I dei tilfella der barnevernet er involvert, er det alltid ei moglegheit for at det offentlege må gripe inn for å sikre barnet. I alle slike saker må rettstryggleiken til barn, foreldre og andre involverte partar tryggjast. Det vil alltid vere ei utfordring. Mange av dei føreslåtte endringane går i rett retning ved å styrkje rettstryggleiken for alle partar. Difor vil også dei fleste endringane få vår støtte. Regjeringa Solberg sette i gang eit høgst nødvendig kompetanseløft i barnevernet. Det er i dag rett å erkjenne at den auka formelle kompetansen i barnevernet ikkje har ført til tilstrekkeleg heving av kvaliteten i tenestene. Det er i dag eit ønske om fleire mastergradar i barnevernet. Det kan vere positivt, men det må ikkje handhevast rigid. Det finst mange med god kompetanse sjølv om dei ikkje har formelle papir på det. Det blir føreslått å senka alderen for å få prosessuelle rettar til 12 år. Argumentet er at det vil styrkje rettstryggleiken til barn i slike saker. Det er eit argument me har stor sans for. Samstundes er ei slik endring mangelfullt utgreidd. Difor er det grunn til å spørje om kostnadene kan bli langt større enn effekten. I denne saka ser me eit skarpt og viktig skilje mellom dei to sidene i salen. Dei raud-grøne har i fleire år ført eit ideologisk løp mot private leverandørar av barnevernstiltak. Dei har avgrensa gode og velfungerande private tilbod, i mange tilfelle sjølv om det ikkje finst offentlege eller ideelle tilbod som er like gode. Også Riksrevisjonen har kritisert politikken til regjeringa for å avgrense bruken av private leverandørar. For Framstegspartiet er det heilt klart at det er uinteressant kven som leverer tenestene. Det einaste interessante er at det offentlege sikrar barn og unge i barnevernet ein best mogleg oppvekst. Barn er altfor viktige til at me kan la dei raud-grøne med ideologiske skylappar gje dei eit dårlegare tilbod. Me fremjar difor, saman med Høgre og Venstre, eit forslag om private godkjende barnevernsaktørar og bustadtiltak. Sjølv om barnevernet stort sett er til god hjelp for barn og familiar, er det sterkt fokus på dei tilfella som ikkje blir handterte godt nok. Nokre av dei sakene som går gale, blir slått stort opp i media. Nokre endar i tragedie for dei involverte. I desse dagar går det føre seg ei rettssak med eit slikt tilfelle: hjarteskjerande og med tragisk utfall. Samtidig veit me at det finst saker som går gale utan å få merksemd i media. Dei er like triste. Til slutt vil eg peike på at alle i denne salen ønskjer at barn skal få ein best mogleg oppvekst. Difor håpar eg at me med dei endringane som no blir gjorde, bidreg til betre tenester for alle involverte, særleg for dei sårbare barna.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat