Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2025
Innlegget
Eg er imponert over tida eg fekk til rådigheit no. Eg skal ikkje bruke ho heilt ut. Det kan kanskje verke underleg at me i ei sak der alle er einig i intensjonen, likevel vel å røyste imot. La meg difor forklare kvifor. Framstegspartiet er, i likskap med fleirtalet, heilt tydeleg på at det ikkje skal drivast marknadsføring retta mot barn og unge. Barn er lett påverkelege og ofte lite kritiske til reklame og marknadsføring. Difor har det i mange år vore forbod mot dette. Dei fleste aktørane held seg til regelverket, og det er heldigvis få brot på dette forbodet. Nokre brot kan skuldast at marknadsføringa eigentleg er meint å rette seg mot foreldre, men blir oppfatta som retta mot barn – altså ein klassisk gråsoneproblematikk. Framstegspartiet er uroa for at aktørar som meiner dei marknadsfører for foreldre, kan risikere strenge gebyr dersom myndigheitene meiner bodskapet er retta mot barn. Me er difor bekymra for at maksrammene for gebyr, slik dei er føreslått, kan bli for høge. Me ønskjer å unngå at gebyra blir urimeleg høge i forhold til brotet. Framstegspartiet vil difor ikkje tilrå forslaget slik det ligg føre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat