Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2025

Sigbjørn Framnes
Fremskrittspartiet·Hordaland

Innlegget

På vegner av saksordføraren, Silje Hjemdal, vil eg først takke komiteen for behandlinga av saka. I ei tid med mange saker til handsaming og relativt kort frist har komiteen også i denne saka vore konstruktiv og ryddig. Forslagsstillarane tek utgangspunkt i at ungdom er ei gruppe som ikkje får tilstrekkeleg politisk merksemd. Ein del utfordringar i samfunnet rammar ungdom særleg hardt, og forslagsstillarane meiner difor at det bør gjerast enklare for ungdom å få arbeid eller utdanning. Forslaget har blitt sendt til arbeids- og inkluderingsministeren, som har henta inn informasjon frå fleire andre statsrådar fordi forslaget grip inn i fleire fagområde både på Stortinget og i regjeringa. Det vil liggje føre ei delt innstilling, og eg vil difor la dei ulike partia sjølve gjere greie for synspunkta sine. På vegner av Framstegspartiet vil eg slå fast at det er viktig at unge vaksne får moglegheit til å delta i arbeidslivet og i fritidsaktivitetar. Me meiner at fleire unge vil få deltidsjobb dersom butikkane får halde ope på søndagar. Det vil hjelpe dei som søkjer arbeid, styrkje varehandelen og vere til nytte for kundane – ein vinn-vinn- situasjon. Framstegspartiet har òg føreslått å auke frikortgrensa til 150 000 kr. For ungdomane betyr det at dei vil få meir igjen for å arbeide. Nokre unge er sjølvgåande og ønskjer å starte enkeltpersonføretak. Me vil opne for at ungdom allereie frå fylte 16 år skal få lov til det. Samstundes vil me styrkje lærlingtilskotet for å få fleire ungdomar ut i arbeid. Når det gjeld fritidsaktivitetar, har Framstegspartiet stor tru på at frivillig sektor kan og vil gje gode tilbod. Difor er det viktig at sektoren får gode og føreseielege rammevilkår. Me har gjentekne gonger føreslått å regelfeste momskompensasjon. Me vil leggje til rette for at ungdom får nyte fruktene av eigen innsats og eigne initiativ, men me støttar ikkje forslag om å opprette kunstig skapte offentlege jobbar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat