Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Målet med sirkulærøkonomien er å skapa verdiar av ressursane på planeten på berekraftig vis. Dette inneber produksjon av varer med lang levetid og med minst mogleg bruk av ikkje-fornybare ressursar. Reparasjon, gjenbruk og gjenvinning vil føra til ein kraftig reduksjon av avfall, og det vil òg gje ein reduksjon i mikroplast. Skal me lukkast med å gjera norsk økonomi sirkulær, må alle ledda i verdikjedene koordinerast betre – frå produksjon til forbruk og gjenvinning. Overgangen til sirkulærøkonomien gjev moglegheiter for Noreg. Sirkulære løysingar føreset auka satsing på biologiske næringar og fornybart råstoff frå primærnæringane. Næringane og råstoffa som kan vera alternativ til petroleum, finst i distrikta våre. Avfall frå næring og hushald må i større grad brukast om igjen og vinnast tilbake i sirkulære verdikjeder. Gjennom aktiv bruk og god forvalting av havet, jorda og skogen kan klimagassutsleppa reduserast og råvaretilgangen styrkast. Senterpartiet har alltid vore oppteke av å bruka opp ting, reparera og gjenvinna. Senterpartiet er oppteke av ein jordnær miljøpolitikk. Me ønskjer å fokusera på reparasjon, gjenbruk, utleige av klede og utstyr, stilla sterkare krav til «fast fashion» – altså tekstilbransjen – og fokusera meir på avfallshandtering. Senterpartiet er ikkje for tiltak som aukar byråkratiet. Det viktigaste er at ting blir gjort. Det går føre seg mykje godt arbeid, og det er viktig med meir kunnskap på dette feltet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat