Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg har gleda av å leggja fram denne saka på vegner av saksordføraren og vil takka komiteen for eit godt samarbeid. Saka som skal behandlast, er eit representantforslag om å vareta natur og lokalsamfunn ved opprusting av forsvar og forsvarsindustrien. Bakgrunnen for forslaget er at den betydelege styrkinga av Forsvaret dei neste åra vil kunna ha arealmessige og miljømessige konsekvensar. Forslagsstillarane ønskjer å sikra at natur og lokalsamfunn blir varetekne i desse prosessane, og har fremja forslag om dette. Fleirtalet i komiteen meiner forslagsstillarane belyser viktige problemstillingar i skjeringspunktet mellom nasjonale omsyn og andre konkurrerande omsyn, men fleirtalet støttar ikkje forslaga som blir fremja. Senterpartiet meiner at det er viktig å vare på naturen, og me står fast på at natur- og miljøomsyn skal vektleggjast i all arealbruk, men me er samtidig tydelege på at arealpolitikken må vera praktisk, balansert og lokalt forankra. Det er kommunane som kjenner areala sine, og som styrer eiga arealdisponering. Korleis areal skal disponerast, er ein godt regulert, demokratisk prosess. Me stiller oss kritiske til eit prinsipp om arealnøytralitet. Skal me sikra busetting, næringsliv og beredskap i heile landet, må kommunane kunna bruka areal på ein fornuftig måte, utan å måtta kompensera med byråkratiske naturrekneskapar. Difor meiner Senterpartiet at me basert på fagleg forankring må verna viktig natur, men utan å innføra rigide nullmål som bremsar nødvendig utvikling i distrikta. Samtidig er me ærlege på at når me no trappar opp Forsvaret, vil det kunna føra til nye inngrep i naturen. Det er ikkje til å unngå når me skal styrkja beredskapen og vareta nasjonal sikkerheit. Senterpartiet står fullt og heilt bak satsinga i Forsvaret. Me har vore med på historiske løft i forsvarsbudsjetta, og me meiner det er heilt nødvendig for å møta eit meir uføreseieleg sikkerheitspolitisk bilete. Nettopp difor er det så viktig at me gjer dette på ein klok måte, med grundige vurderingar, respekt for lokalsamfunn og tiltak som reduserer naturinngrep der det er mogleg. Tryggleik for landet må gå hand i hand med tryggleik for natur og folk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat