Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. jun 2025
Innlegget
Den som veit korleis politikk og pølser vert laga, får aldri meir ein roleg natts søvn. Det er eit over 100 år gamalt sitat frå Otto von Bismarck, men det er nok enda sannare i dag – det vert gjeve millionar av kroner i hemmelege pengegåver til Framstegspartiet, og nye parti dukkar opp med svære politiske reklamekampanjar betalt av rike enkeltpersonar med band til Russland. Når milliardærar som Christian Ringnes dei siste dagane er ute i riksmedia og ber Erna Solberg ta grep for at dei skal få avkastning på investeringa si i partiet Høgre, er det eit grelt eksempel på kor kjøpt og betalt mykje av norsk politikk faktisk er. Det er bra at me i dag tek eit lite skritt i riktig retning når me strammar inn moglegheitene for å gje partibidrag utan å oppgje kven som står bak. Då styrkjar me demokratiet. Samtidig må me vera ærlege. Pengar får ein stadig større plass i politikken. Det fører til at dei som har mykje, kan kjøpa seg uforholdsmessig mykje makt og innflytelse. Det gjer òg at me vert sårbare for påverking utanfrå frå aktørar som ikkje nødvendigvis vil Noreg vel. Samtidig vert det endå vanskelegare enn før å vinna fram for dei som har lite å rutta med. Det fører til ein politikk der det vert teke endå mindre omsyn til klima, natur, barn og dei fattigaste. Framstegspartiet er openbert verst i klassen når det gjeld hemmeleg partifinansiering. Det er heldigvis ingen andre som har fornedra seg til å ta imot millionbeløp frå ein organisasjon som spesialiserer seg på å skjule givarane, som Aksjon for borgerlig valgseier. Men når Framstegspartiet peikar på dei andre partia og at dei er lite villige til å feia for eiga dør, har dei òg eit poeng. Det er og vert eit grunnleggjande problem at det er bukken som passar havresekken når politikarane sjølv skal regulera korleis me vert finansierte. Det er faktisk berre Miljøpartiet Dei Grøne som ikkje tek imot millionbeløp, verken frå milliardærar eller frå mektige organisasjonar. Eg forstår godt at det er vanskeleg å gje slepp på store gåver, og så lenge konkurrentane i politikken òg får store gåver, vert det langt på veg nødvendig for å vareta balansen mellom dei raud-grå og dei blå-grå partia. Men det betyr ikkje at ein bør fortsetja som før. Viss ein verkeleg meiner alvor med å styrkja demokratiet vårt, så er det heilt vesentleg å redusera risikoen for at nokon kjøper seg innflytelse. Det er eitt grep som monnar, og det er å setja eit lavt tak for kor mykje ein enkelt person kan gje til eit parti. Demokratiet vårt skal ikkje vera til sals. Miljøpartiet Dei Grøne vil støtta dei fleste forslaga som strammar inn på dagens regelverk, men me vil understreka at me er langt frå i mål når det gjeld partifinansiering, med det som vert vedteke her i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat