Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Om det finst éin positiv ting med den forferdeleg alvorlege klima- og naturkrisa me står i, er det dette: Stort sett alle dei grøne tiltaka me må setja i verk for å kutta utslepp og forbruk, vil gjera liva våre betre, kroppane våre sunnare, barna våre friare, og dei vil gjera byane våre hyggelegare, reinare, finare og morosamare. Behovet for berekraftig, trygg og inkluderande byutvikling har aldri vore større. Viss samfunnet skal lukkast i klimakampen og få til sosial utjamning, betre folkehelse og auka livskvalitet, trengst det mykje meir ambisiøs og heilskapleg politikk for byane. Byane treng mindre bilkøyring og forureining, mindre forskjellar og meir fridom og positivt fellesskap – færre bilar, fleire bier. Etter tre år med nedsnakking av byane frå statsrådane til Senterpartiet hadde eg eit håp om at ei rein Arbeidarparti-regjering skulle føra ein politikk som var betre for byane våre. Det gjenstår å sjå om det vil skje. Byane treng betre verktøy for å få ned biltrafikken, kutta utslepp, styrkja kollektivtrafikken og utvikla byar og tettstadar som fremjar folkehelse, rettferd og livskvalitet. Miljøpartiet Dei Grøne vil gje kommunane meir lokalt sjølvstyre i samferdselspolitikken. Me vil gje byane moglegheit til å oppretta og bestemma storleiken på nullutsleppssoner, uavhengig av om vegane er kommunale, fylkeskommunale eller statlege. Me vil at kommunar skal kunna innføra dynamisk vegprising for å få bukt med kø, kork og kaos, og me vil gje kommunane moglegheit til å senka fartsgrensa til 20 km/t på plassar der mange ungar ferdast, f.eks. rundt skular. Samtidig er staten nøydd til å ta eit større ansvar for kollektivtransporten. Miljøpartiet Dei Grøne føreslår å be staten auka den statlege andelen av store kollektivprosjekt til 80 pst. Me vil òg påskjøna kommunar som lukkast med å redusera biltrafikken, og me vil endra nullvekstmålet til eit mål om 5 pst. årleg nedgang i biltrafikken i storbyområda. Ekstremvêret me har i vente, krev at me klimatilpassar byane våre. Me må setja av mindre plass til asfalt og bilar, meir plass til natur og opne bekkar. Me må slutta å sløsa med plassen i byen. Det må verta enklare og meir lønsamt å ta i bruk eksisterande bygg. Me må ta vare på historia og slutta å riva. Ikkje-kommersielle bustadmodellar må få sterkare juridisk og økonomisk støtte. Ein bustadmarknad med rom for allmennbustadar og sosial bustadbygging er heilt avgjerande for at byane skal vera inkluderande, og at me får ned dei store sosiale forskjellane. Ein meir sosial bustadpolitikk kombinert med sterkare satsing på levekårsutsette område, som å sikra fritidsklubbar, utvida velferdstilbod og få ned barnefattigdomen, er blant dei viktigaste tiltaka for å gjera byane våre betre. Med det tek eg opp forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat