Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Me nordmenn er heilt i verdstoppen på klimagassutslepp per person. Me flyr meir enn fem gonger så mykje som den jamne europear. Medan eit land som Frankrike for fleire år sidan innførte forbod mot korte innanriks flygingar på ruter der ein kan ta tog, byggjer regjeringa i Noreg stadig nye motorvegar og nye flyplassar. Og dei få toga me har her i landet, er dyre å reisa med, ofte står dei, eller dei er plutseleg erstatta med buss, så det vert i praksis umogleg for oss småbarnsforeldre å bruka. Det er eit paradoks at Noreg og Sverige, to naboland med felles interesse, historie og mål om grøn omstilling, framleis har eit jernbanetilbod som tvingar folk over på bil og fly. Mange vil reisa miljøvenleg, men dei vert møtte av lang reisetid, manglande forbindelsar og tog som ikkje går. Eit talande eksempel er nattoget mellom Stockholm og Hamburg, som no står i fare fordi Sverige er aleine om rekninga og synest det vert for dyrt. Noreg og Sverige burde samarbeida betre om ei felles løysing som koplar både Oslo og Stockholm til kontinentet til ein langt lågare kostnad for begge land. Statsråden svara på spørsmål frå komiteen om denne saka at det er dialog mellom norske og svenske myndigheiter om konkrete prosjekt. Det er positivt at Jernbanedirektoratet vurderer nattoginitiativet til København og Hamburg. Gode intensjonar er bra, men me treng forplikting, investeringar og fart. Miljøpartiet dei Grøne meiner at ein bør inngå samarbeidsavtale med den svenske regjeringa om utvikling av grensekryssande togtilbod med særleg vekt på nattog og høghastigheitstog. Det finst lågthengande frukt, f.eks. nattog mellom Trondheim og Stockholm. Ein ny rask jernbane mellom Oslo og Stockholm med under tre timars reisetid vil knyta våre hovudstader nærare saman, både økonomisk og sosialt. For å få dette til må Jernbanedirektoratet få eit tydeleg mandat og ressursar til å jobba med internasjonale prosjekt. Dagens verktøykasse er ikkje tilpassa dei internasjonale ambisjonane me bør ha. Det er bra at det skjer noko, men no må ikkje dette stoppa opp igjen i endelause utrekningar. Stortinget må visa minst same vilje til å byggja opp eit togtilbod folk vil bruka, som ein har for å byggja motorveg. Då eg var liten, kunne eg reisa med tog frå Sogn til Oslo. Det kan eg ikkje lenger. Klimakrisa ventar ikkje, men folk som ønskjer å reisa grønt, dei ventar og ventar på at det skal koma eit tog frå Stortinget. Med det vil eg ta opp Miljøpartiet Dei Grønes forslag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 12. jun 2025 — OverStortinget