Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Lisa Marie Ness Klungland (Sp) [09:29:43] (ordførar for saka): Først og fremst vil eg ønskja Skånevik skule velkomen. Det er veldig kjekt at de vil følgja denne debatten. Forslagsstillarane fremjar her 17 forslag som omhandlar norsk petroleumsnæring og petroleumsutvinning på norsk sokkel. Det reknar eg med at dei kjem til å gjera nærare greie for. Noreg er ein stor olje- og gassprodusent og den største leverandøren av olje og gass til Europa. Gjennom petroleumspolitikken er det etablert ei tydeleg ansvarsdeling mellom styresmaktene og oljeselskapa, og petroleumsselskapa har innanfor desse rammene ansvar for å planleggja og gjennomføra aktivitet i alle fasar av petroleumsverksemdene i eit utvinningsløyve. Noreg har vore eit oljeproduserande land sidan opninga av Ekofiskfeltet i 1971, og reguleringa av sektoren er utvikla over 60 år. Gjennom leiteaktivitet blir det kartlagt og påvist petroleumsressursar på norsk sokkel. Sokkeldirektoratet forvaltar og formidlar petroleumsdata frå norsk sokkel og har det overordna ansvaret for å kartleggja og dokumentera ressursgrunnlaget på heile den norske sokkelen. Vidare har petroleumsselskapa ansvar for detaljert kartlegging i dei områda dei får tildelt gjennom konsesjonsrundar. Sokkeldirektoratet estimerer i sin oppdaterte ressursrekneskap at 22 pst. av dei venta ressursane på norsk sokkel som kan vinnast ut, enno ikkje er påviste gjennom leiting. Me i Senterpartiet ønskjer å utvikla norsk petroleumsnæring gjennom både TFO-tildelingar og nummererte konsesjonsrundar. Senterpartiet er difor positiv til at stortingsfleirtalet sluttar seg til Senterpartiet sitt forslag om å be regjeringa starta førebuande arbeid med sikte på å utlysa ein 26. konsesjonsrunde for olje- og gassleiting på norsk sokkel. Noreg er ein viktig leverandør av energi til Europa og skal framleis leita, produsera og levera olje og gass til Europa. Det er viktig for Noreg og Europa at Noreg vidareutviklar sin petroleumsindustri. Det føreset ei brei satsing på utvikling av heile ressursbasen. Ei slik brei satsing vil òg best leggja til rette for eit stabilt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel. Å lykkast med dette er viktig for arbeidsplassar, verdiskaping og statlege inntekter, i tillegg til at det vil bidra til europeisk energisikkerheit. Ein viktig pilar for dette er framleis stabile og føreseielege rammevilkår. Regelmessig utlysing og tildeling av areal gjennom konsesjonsrundar er nødvendig for å utvikla petroleumsindustrien og for å nå hovudmålet i petroleumspolitikken om å leggja til rette for ein lønsam produksjon av olje og gass i et langsiktig perspektiv. Senterpartiet er derimot bekymra for konsekvensane av ei eventuell innføring av Net-Zero Industry Act, som blei vedteken i EU i 2024, og som er ein del av EUs Green Deal Industrial Plan. Det er prematurt å påleggja petroleumsselskapa å oppretta CCS-lager. Noreg må fasthalda at direktivet ikkje er EØS-relevant. Det er difor bra at fleire parti går saman i dag om få ei utgreiing om status og vurdering knytt til dette direktivet. I tillegg støttar Senterpartiet forslag om å utarbeida ei eksportløysing for gass frå Barentshavet. Med det har Senterpartiet teke opp det forslaget me er med på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat