Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 13. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Som eg nemnde i innlegget mitt, er me bekymra for ei eventuell innføring av Net-Zero Industry Act, altså direktivet frå EU. Ei av utfordringane her er å påleggja petroleumsselskapa å oppretta CCS-lager. Noko av det Senterpartiet er bekymra for, er investeringskostnaden, kven som skal ta han, kva for ei eventuell støtte ein skal få, og om det punktet som gjeld tilbakeverkande kraft, er i strid med Grunnlova. Eg har stilt energiministeren nokre skriftlege spørsmål, men opplever heller ikkje at det blei svart ut tydeleg nok. Er statsråden einig i at det kan vera uføreseieleg for olje- og gassnæringa ikkje å få ei avklaring om dette direktivet, og når kan me ta sikte på å få ei utgreiing om status og vurdering av dette direktivet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 13. jun 2025 — OverStortinget