Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Statnett opplyser at Grov stasjon i Kinn kommune kan koma viss han blir utløyst av behov som forbruksplanar eller produksjonsplanar regionalt. Statnett og Linja vil greia ut løysingar for nettutvikling mellom Ålfoten og Moskog og vurdera om Grov stasjon er ei rasjonell løysing. Senterpartiet støttar ein ny transformatorstasjon på Grov. Det er viktig for forsyningssikkerheit og for å unngå mykje linjebygging i regionalt nett. Det er likevel nettselskapa som har ansvar for å planleggja, konsesjonssøkja og byggja ut straumnettet. Det vil difor vera unaturleg for oss på Stortinget å gå inn og detaljstyra. Ei elektrifisering vil generelt sett auka prisen i området og henta kraft der det er stor etterspørsel blant prosjekt på land. Når det blir sett i gang elektrifiseringsprosjekt, er det viktig at det ikkje må gå ut over folk og næringsliv på land. Viss regjeringa meiner alvor med elektrifisering av Tampen, bør den krafta koma gjennom ein ny trafo på Grov.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 13. jun 2025 — OverStortinget