Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Det er feil overfor innbyggjarane at verken debatten om den resterande delen av EUs fjerde energimarknadspakke eller debatten om EU-medlemskap blir teken no, før me skal leggja stemmesetelen i urna. Etter valdagen kan EU-partia gjera kva dei vil, utan å måtte bli stilte til ansvar for veljarane før i 2029. Det er veldig tydelege teikn på at leiande EU-forkjemparar, spesielt i Arbeidarpartiet, dyssar ned debatten dei siste månadene før valet. Senterpartiet seier nei til heile fjerde energimarknadspakke. Me vil ta tilbake nasjonal kontroll over straumeksport, konsesjonar og prissetjing på straum. Me vil sikra at kraft blir brukt til å styrkja norsk industri og folk sin økonomi, ikkje til eksport til høgstbydande i EU. Me vil bruka vetoretten i EØS-avtalen, som me har rett og plikt til når viktige nasjonale interesser står på spel. Kva vil EU-partia? Dei bruker salamitaktikken. Dei tek litt og litt og dyssar det ned til me til slutt står med begge beina godt planta i Brussel. Energimarknadspakken er ein heilskapleg pakke, og konsekvensane av ei eventuell innlemming i EØS-avtalen må vurderast samla, særleg med omsyn til suverenitetsavståing og nasjonal politisk kontroll. Noregs tilknyting til EU gjennom EØS-avtalen har blitt utvida betydeleg sidan avtalen blei inngått, òg på område som ligg utanfor dei fire fridomane. Energiområdet er blant dei sektorane der regelverket er i rask utvikling og har blitt stadig meir omfattande og inngripande. At desse reglane blir tekne inn i norsk lov, inneber ei gradvis innsnevring av det nasjonale handlingsrommet, der stadig meir suverenitet blir avstått til EU. Energimarknaden i EU er dysfunksjonell. Det er ei utvikling der Noreg i aukande grad blir underlagd eit europeisk energiregelverk som ikkje er tilpassa norske forhold, og det vil vera vanskeleg å reversera ei sånn utvikling viss fjerde energimarknadspakke først blir innlemma i EØS-avtalen. Ei innlemming av fjerde energimarknadspakke vil innebera at Noreg i praksis blir fullt integrert i EUs energiunion. Ein sånn integrasjon vil redusera nasjonal politisk kontroll, som vidare reduserer handlingsrommet for å handtera problem i det norske kraftsystemet. Er partia redde for å la veljarane bestemma til hausten? Arbeidarpartiet lèt som det berre handlar om tre direktiv. Det stemmer ikkje. Ta debatten og ver ærlege. Eg er ganske skuffa over manglande oppmøte i salen i dag. Det verkar nesten som det er viktigare å drikka kaffi enn å forklara kvifor ein er villig til å avstå norsk suverenitet til EU.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat