Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 16. jun 2025

Innlegget
Industri og næring i tillegg til landbruk har bygd Rogaland. Rogaland har fått eit enormt problem som gjer at folk og næringsliv hos oss betaler prisen for den feilslåtte energipolitikken i EU. Vasskrafta har lagt grunnlaget for viktige industrisamfunn på plassar som Sauda og Karmøy, plassar og industribedrifter som er avhengige av Noregs unike fortrinn, enorme mengder ferdig utbygd, billig og fornybar energi. Det har gjeve oss høgkompetente miljø av fagarbeidarar, ingeniørar og leiarar. Det same gjeld for leverandørindustrien og næringsmiddelindustrien. Det er avgjerande for olje- og gassnæringa, for landbruket og for oss som et mat at desse ligg i Rogaland, tett på sokkelen og tett på der maten blir produsert. For Rogaland produserer kraft. Folk og næringsliv må få ho tilbake billig. No må me ta grep for Rogaland si framtid. Senterpartiet sikrar straumstønad til folk. Senterpartiet har i Stortinget føreslått fleire straumsystemendringar, som dessverre i hovudsak har blitt stemde ned. Senterpartiet støttar noregspris i dag, med nokre endringar. Me vil sikra straumstønad til frivilligheita og til jordbruket. Det viktigaste er å koma tilbake til Stortinget med konkrete tiltak for Rogaland og NO2. Dette er berre eit plaster, det er systemet det er noko gale med. I tillegg må regjeringa koma tilbake med løysingar for næringslivet og organisasjonslivet tilsvarande noregspris. Så må eg seia at det er pinleg å høyra ein del parti i salen i dag. Miljøpartiet Dei Grøne bør koma seg ut av Ring 3. Det bur folk i hus i heile landet som må snu på kvar ei krone. At Høgre ikkje er villig til å gjera noko reelt med straumprisane, er ikkje overraskande. Det viktigaste for dei er å bevara systemet. Men Framstegspartiet, då – her viser dei sitt sanne ansikt: Det er systemet først og folk flest til slutt. I dag har me altså ei moglegheit til å redusera straumrekninga til folk ytterlegare. Likevel vel Høgre og Framstegspartiet å ofra folk til fordel for system.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat