Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Stølsheimen er eit fjellområde i Vestland fylke som strekkjer seg over fleire kommunar. Deler av området er allereie definert som landskapsvernområde. Det er ein verneprosess i gang med tanke på å gjera fjellparti i Masfjorden og Alver kommunar til nasjonalpark. Delar av Stølsheimen er eit UNESCO-utvald biosfæreområde. Det er i gang ein prosess for å verna mindre område med verdifull natur i låglandet, såkalla supplerande vern. Det er også i gang prosessar for å vurdera utviding av eksisterande nasjonalparkar og landskapsvernområde og oppretting av nye sånne verneområde. I tillegg blir det vurdert å endra vernekategori for enkelte verneområde frå landskapsvern til nasjonalpark. Det er unaturleg for Stortinget å gå inn i forslaga her i dag. Ved vern av areal som nasjonalpark eller landskapsvernområde skal kommunal aksept bli vektlagd. Det er som sagt allereie verneprosessar i gang, bl.a. i Masfjordfjella, og kommunane har anledning til å spela inn nye område. Når det gjeld forslaget om vurdering av KULA-status, skal dette baserast på faglege vurderingar gjort av Riksantikvaren, og det er difor lite hensiktsmessig at Stortinget instruerer om sånne vurderingar. Me i Senterpartiet støttar sjølvsagt intensjonen i merknaden til Arbeidarpartiet i denne saka. Det er viktig å ta vare på verdifulle naturområde, men prosessar knytte til vern bør baserast på lokal forankring og kommunal aksept. Difor er eg bekymra for kor vaklande parti her i denne salen er når det gjeld desse sakene. Kommunalt veto er viktig å respektere, og eg blir bekymra når eg ser at Høgre og Arbeidarpartiet vel å ikkje stå inne i ein merknad. Betyr det at ein er villig til å overstyra kommunalt veto når det gjeld bygging av vindkraft? Og til dei andre partia som er villige til å la Stortinget vurdera verneområde: Kor langt vil det gå? Vil det gå ut over dei kommunale tilbakemeldingane og kommunale vurderingane som er gjorde? Senterpartiet meiner det er viktig at Stortinget har respekt for kommunane og kommunane sine vedtak og meiningar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 16. jun 2025 — OverStortinget