Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 16. jun 2025

Innlegget
Mange kommunar, særleg i distrikta, har positive erfaringar med motorferdsle, for utmarka er viktig for busetjing, næringsutvikling, kultur og trivsel. Det er difor viktig at kommunane har den nødvendige myndigheita til å vareta denne forvaltinga på eigne premissar, som dei gjer på andre viktige samfunnsområde. Lov om motorferdsle blei innført i 1977, men erfaringane med lova er at ho har blitt omfattande, ressurskrevjande og byråkratisk å administrera. Difor blei motorferdslelovutvalet oppnemnt, på bakgrunn av eit forslag som blei vedteke med støtte frå eit breitt fleirtal i Stortinget, bl.a. Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Føremålet var å leggja til rette for ei revidert motorferdslelov som skulle gje kommunane større myndigheit, redusera byråkrati og samtidig vareta omsyn til natur og friluftsliv. I mandatet blei det bedt om å vurdera reglane om motorferdsle i utmark og vassdrag og utarbeida forslag til endringar i regelverket i tråd med føringane frå Stortinget. Utvalet sitt forslag, som blei lagt fram i fjor, for litt over eit år sidan, følgjer ikkje opp dei føringane Stortinget gav. Dei anbefalingane vil i praksis bety auka byråkrati, svekt kommunalt sjølvstyre og redusert lokal handlefridom, i strid med føringane frå Stortinget. Arbeidarparti-regjeringa har ikkje signalisert nokon plan for å følgja opp dei forslaga i utgreiinga. Det er framleis behov for endringar i dagens motorferdslelov, med sikte på meir lokal sjølvstyring og fleksibilitet, og for å gje kommunane større handlingsrom og redusera byråkrati. Mange aktørar i utmarkskommunane har stor nytte av motorferdsle i utmark, og redningstenesta har eit behov for å oppretthalda beredskap og å kunna trena for oppdrag. Det er på høg tid å modernisera og liberalisera motorferdslelova og dei tilhøyrande forskriftene, med intensjon om å auka lokalt sjølvstyre, bidra til auka utnytting av naturressursar i tradisjonelle utmarksnæringar og å leggja betre til rette for reiseliv, opplevingsturisme, nyttekøyring og anna næringsutvikling og å harmonisera regelverket med Noregs naboland, spesielt Sverige. Senterpartiet har vore med på ei rekkje forslag. Desse forslaga er godt forankra i intensjonen bak stortingsvedtaket i 2021 og svarar på dei utfordringane kommunane sjølv har peikt på i sin praksis og i høyringsinnspel til departementet. Ei mindre byråkratisk lokal forvalting er ikkje berre eit spørsmål om effektivitet i forvaltinga, men òg om demokrati, bulyst i distrikta og bruk av utmarka. I dag er me òg med på eit laust forslag som ber om at regjeringa må koma tilbake på ein eigna måte med forslag til ny motorferdslelov som er i tråd med føringane frå Stortinget. Med det tek eg opp dei forslaga Senterpartiet er ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat