Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. jun 2025

Innlegget
Det er mange som har glede av snøscooter og av motorferdsel. Det er nyttig, og det sikrar beredskap for folk som oppheld seg i utmarka. Som me har snakka om tidlegare, meiner me at lovutvalet ikkje har levert på mandatet. Det har mange utmarkskommunar meldt tilbake i høyringa, som var i fjor haust. Dei meiner at det vil auka byråkratiet, svekkja kommunalt sjølvstyre og gje redusert lokal handlefridom. Så vidt eg veit, har ikkje regjeringa teke stilling til dei forslaga som ligg der, men eg meiner at veljarar i utmarkskommunane – som skal ta stilling til parti i valet som kjem no – har nytte av å veta kva Arbeidarpartiet kjem med, kva regjeringa ønskjer å levera på i ein eventuell ny lov. Kva meiner statsråden om dette?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat