Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. jun 2025
Innlegget
Me har ikkje noka bustadkrise i Noreg. Det me har, er ei ulikskapskrise, ei klimakrise og ei naturkrise. Det betyr at me har rike folk i Noreg som eig både hundrevis av leilegheiter i byane og svære hyttepalass på fjellet og langs fjordane våre, at naturen vår vert bygd ned som aldri før, samtidig som vanlege folk slit med å ha råd til å eiga sin eigen bustad eller til og med leiga seg ein ok bustad i byane våre. Det trengst ein heilt ny kurs for norsk bustadpolitikk. Me treng å gjenreisa tanken om at ein bustad er eit velferdsgode. Det er ein rett folk har. Det å ha ein trygg plass å bu for seg sjølv og for familien sin bør ikkje vera ei vare som kva som helst anna på ein marknad. Me må sikra folk ein ordentleg plass å bu, uansett om ein vil bu på bygda eller i byen, i nord eller i sør. Då trengst det eit taktskifte frå den politikken me har i dag. Me er nøydde til å få på plass ein ikkje-kommersiell bustadsektor i Noreg. Me er nøydde til ikkje berre å leggja til rette for, men aktivt skapa ein allmennbustadsektor, sånn at folk kan bu trygt uansett om dei i dag har råd til å koma inn på bustadmarknaden eller ei. Om ein må skilja seg og finna ein ny plass å bu, treng ein å ha ein trygg plass å bu og å kunna verta verande i lokalmiljøet der barna går i barnehage eller på skule. Det systemet har me ikkje i dag. Me har inga bustadkrise, men me har ei ekstrem ulikskapskrise i Noreg, der det løner seg så mykje å investera i eigedom at altfor mange syltar ned pengane sine. I staden for å bruka pengane til å investera i positiv omstilling og verdiskaping i Noreg vert dei sylta ned i eigedom, og dei sosiale og økonomiske forskjellane mellom folk aukar og aukar. I Oslo står det no tusenvis av bustader tomme fordi dei vert eigde av folk som ikkje treng å ta dei i bruk, mens vanlege folk, sjukepleiarar, lærarar, studentar og trygda, ikkje har råd til å koma inn på bustadmarknaden, vert skvisa lenger og lenger ut og hamnar i ei fattigdomsfelle. Sånn kan me ikkje ha det. Miljøpartiet Dei Grøne vil fortsetja å jobba for ei kursendring i norsk bustadpolitikk, og me får håpa at bustadkampen vert ei stor sak i årets valkamp. Det ønskjer Miljøpartiet Dei Grøne å bidra til.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat