Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. jun 2025
Innlegget
Ein viktig del av det grøne prosjektet er å jobba for ein sosial, rettferdig og meir miljøvenleg bustadpolitikk. Då treng me ikkje-kommersielle løysingar: allmennbustader. Heldigvis er både fagmiljø, kunnskapsmiljø og fagrørsla einige med Miljøpartiet Dei Grøne. Uheldigvis har Noregs største parti, Arbeidarpartiet og Høgre, vedteke å vera ueinige. Dei peikar på at ein ideell eller ikkje-kommersiell bustadsektor ikkje er mogleg å få til i Noreg i dag. Sanninga er at me har ein sånn sektor i Noreg. Mest kjent er studentbustadene. Dei andre gode eksempla er kanskje ukjende fordi dei er både små og marginaliserte, og ikkje minst er dei akutt utryddingstrua frå den norske bustadfaunaen. I Noreg vert eit av dei fremste eksempla me har på sosiale, ikkje-kommersielle leigebustader, forvalta av Boligstiftelsen i Trondheim. Den ikkje-kommersielle stiftelsen eig nesten 900 leilegheiter. Dei leiger ut dei fleste til kommunen som kommunale bustader, men dei tilbyr òg langsiktige, trygge buforhold for folk som anten ikkje kvalifiserer til kommunal bustad eller av ulike årsaker ikkje kjem seg inn på eigemarknaden. Mens me i Noreg har ein god bustadpolitikk berre for dei bustadeigarane som kom seg inn på eigemarknaden på riktig tidspunkt, har viktigheita av ein sosial bustadpolitikk lenge vore på agendaen til EU. Boligstiftelsen i Trondheim vart faktisk i år nominert til ein pris av European Responsible Housing Awards. For at denne sektoren skal blomstra, treng ein politiske rammevilkår, og no skjer det motsette. Dei store partia går til angrep på den vesle ikkje-kommersielle bustadsektoren som finst i Noreg, og Boligstiftelsen i Trondheim står no i ein eksistensiell kamp for tilværet. Under radaren til dei fleste følgde nemleg Senterparti–Arbeidarparti-regjeringa opp eit arbeid Høgre starta: å få dei kommunale stiftingane nedlagde og bustadmassen overført til kommunane. Intensjonen kunne verka vel og bra. Argumentet var at det skulle betra kommunane sine moglegheiter til å hjelpa vanskelegstilte med bustad. Stortinget let seg overtyda, vedtok ei unntakslov i stiftingslova og gav med det kommunane åtgang til å oppheva bustadstiftingane. Med ein pressa kommuneøkonomi og lite kunnskap om moglegheitene dei var på veg til å kasta på båten, vedtok kommune etter kommune å bruka moglegheita. I 2023 følgde Trondheim og andre kommunar etter og la ned det som potensielt er det fremste politiske verktøyet for å få på plass allmennbustader i Noreg. Miljøpartiet Dei Grøne i Trondheim la fram forslag om å bevara stiftinga, men vart nedstemt. Saka viser at Noreg er eit av dei mest bakstreverske landa i OECD på feltet bustadpolitikk. Det er alvorleg. Det er eit talande bilete på einsrettinga av norsk bustadpolitikk og den manglande evna norske politikarar har til å løfta blikket og sjå at det finst sosiale alternativ i norsk bustadpolitikk som ikkje skapar same ulikskap, naturkrise og finansiell risiko som den einsidige eigarlinja me har i dag. Me får håpa at EU kanskje kjem staten Noreg til unnsetning snart og kan inspirera oss til å få på plass den sosiale bustadsektoren me så sårt treng.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat