Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 20. jun 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Senterpartiet er oppteke av å utvikla heile Noreg. Senterpartiet er oppteke av heile Rogaland. Det er viktig for innbyggjarane i Rogaland. I heile Rogaland ser me at det er krevjande tider. Kollektivtilbodet er trua – båten frå Ølen til Stord og Bergen blir lagd ned om elleve dagar. Bussruter blir kutta, eldre og barn kan få kutt i tilboda sine, og i forslaget som blei lagd fram av regjeringa, låg det ingenting inne til kommunar eller fylke. No har Senterpartiet fått gjennomslag for m.a. 29,4 mill. kr meir til Rogaland fylke, mens kommunane i Rogaland får nesten 100 mill. kr i auka midlar. Bompengane i Ryfast blir reduserte med 33 pst. frå 1. juli 2025. Målet er å få ei vurdering av om reduserte satsar vil få opp trafikken, sånn at bomsatsane kan reduserast permanent. Dette er saka som er aller viktigast for meg i budsjettforhandlingane. Grunnen til det er at eg er oppteken av at folk skal ha eit godt liv, og at ein får råd til å besøkja vener og familie på andre sida av fjorden. Me har jobba med denne saka lenge, og det gjer meg rørt at me no får desse kutta. I Rogaland og Sør-Vest politidistrikt opplever me noko av den grovaste kriminaliteten i heile landet. Det er unge menneske som utfører mykje av dette, og det er snakk om så grov kriminalitet som drapsforbund og drap. For å sikra tryggleiken til innbyggjarane og for å ta vare på ungdomane våre må alle gode krefter trø til. Stavanger var utelaten frå den ekstra satsinga for å kjempa mot barne- og ungdomskriminalitet i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett. Senterpartiet fekk gjennomslag for å bruka 3 mill. kr på dette i Stavanger-regionen. Det vil bety mykje, ikkje minst for alle utfordringane me har sett på Nord-Jæren den siste tida. Ein har slite med sikkerheita til tilsette og besøkjande på Stavanger tinghus. Det fekk eg sjølv oppleva då eg var meddomar der for nokre år sidan og kunne risikera å gå på toalettet ved sida av den tiltalte. I januar blei det kake og fest då dåverande justisminister Emilie Mehl fortalde at Stavanger tinghus skulle bli nytt. Eg blei svært overraska då eg såg at det ikkje blei følgt opp av Arbeidarparti-regjeringa. Dette har me i Senterpartiet no ordna. Me har òg sikra 800 000 kr til Magma Geopark i Dalane, eit verdifullt UNESCO-område, og me har auka investeringsmidlane til jordbruket med 175 mill. kr. Mange bønder i Rogaland står i kø for å satsa. Eg er stolt av å vera i eit parti som satsar på heile Rogaland, som ser heile Rogaland, og som opplever det å satsa på innbyggjarane våre som noko verdifullt. Rogaland sine innbyggjarar leverer på vegner av landet vårt, og det skulle berre mangla at ein ikkje blei sett og anerkjend for det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 20. jun 2025 — OverStortinget