Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 20. jun 2025
Innlegget
Når ein køyrer rett mot ein fjellvegg, er det ikkje tryggleik å velja stø kurs – tvert om. Når FN-sjefen har trygla statane i verda og sagt at me treng ei avkøyringsrampe frå klimahelvetet, er det ein grunn til det. Når FN, forskarar og verdas fattigaste land tryglar oss om å slutta å leita etter meir fossil energi og fasa ut olje og gass, er det ein grunn til det. Me står midt i ei tid der naturkrisa og klimaendringane krev at me raskt endrar alle sektorar og alle system. Me må slutta å øydeleggja natur, me må kutta utslepp, og me må tilpassa oss dei klimaendringane som allereie er her, og som vil verta meir og meir katastrofale i åra framover. Tida me lever i, krev at me endrar oss – ikkje har stø kurs med gamaldagse løysingar. Likevel viser regjeringa sitt reviderte nasjonalbudsjett at dei framleis styrer etter idear frå 1950-talet, om evig økonomisk og materiell vekst, trass i at me alle i denne salen eigentleg veit at det ikkje er mogleg. Regjeringa vel å prioritera kortsiktig populisme og privat profitt framfor dei langsiktige sikkerheitsbehova til befolkninga og berekrafta til planeten. Heile 80 pst. av norske sjøfuglar er borte frå fuglefjella våre – 80 pst! Heile 90 pst. av torsken i Oslofjorden og Skagerak er borte. Villrein og villaks står på raudlista, og det vert bygd i norsk fjellheim som aldri før. Norske fjordar vert forgifta. Med dette tempoet vil insekta våre forsvinna før Donald Trump forsvinn. Dette er alvoret me står i. Behovet for å sikra omstilling av oljelandet Noreg, redda norsk natur og byggja trygge arbeidsplassar og lokalsamfunn for framtida kunne ikkje vore meir presserande. Regjeringa sviktar fullstendig. Me i Miljøpartiet Dei Grøne føreslår ei grøn omprioritering av budsjettet og å stoppa den enorme sløsinga med natur og energi. Me vil skrota dyre motorvegar som vil rasera natur og skapa meir trafikk. Me vil bruka 10 mrd. kr meir enn regjeringa på å redda øydelagd natur og skapa grøne arbeidsplassar. Me føreslår ein krisetiltakspakke på over 600 mill. kr for å reinsa opp i Oslofjorden, som treng det akutt. Miljøpartiet Dei Grøne føreslår eit meir robust og framtidsretta energisystem, utan sløsing med energien, inkludert ei grøn og sosialt rettferdig straumstøtte som faktisk både bidreg til sosial utjamning og stimulerer til straumsparing. Noregsprisen regjeringa har innført, har allereie ført til enorm skade i form av at enkeltpersonar, bedrifter og sameige som hadde insentiv til å investera i varmepumpe, solceller og enøk, no har droppa sånne prosjekt. Samtidig vert det no brukt milliardar av kroner frå midlane til fellesskapet på å betala for luksusforbruket til overklassen. Norske millionærar og milliardærar treng ikkje meir av alt. Miljøpartiet Dei Grøne jobbar ikkje for at alle skal få betre råd, men for at alle skal ha nok. Miljøpartiet Dei Grøne vil gjera livet betre for dei som har minst, samtidig som me faktisk får Noreg inn på eit grønt spor. Det betyr bl.a. ein skikkeleg redningspakke for kollektivtransporten i heile landet, på 2,7 mrd. kr – i motsetnad til det vesle plasteret på eit blødande sår som regjeringa, SV og Senterpartiet tilbyr. Det betyr skikkeleg grøne skattegrep, omstillingsavgift for petroleumsnæringa, momsfritak på reparasjonar, brukthandel og fornybar energi. Det betyr sikring av rettferdig skatt for alle og solide velferdstenester. I ei verd prega av konflikt og økologisk kollaps må Noreg ta ansvar. Det betyr å prioritera solidaritet og fredsarbeid både heime og ute. Me føreslår difor konkrete tiltak for å ta vare på havområde, matjord, naturskogar og artsmangfald, og for å redusera det økologiske fotavtrykket vårt, som i dag tilsvarar tre og ein halv jordklode. Miljøpartiet Dei Grøne meiner regjeringa misbrukar handlingsregelen når ein brukar han som hindring for å finansiera klima- og naturtiltak i andre land. Ved å bruka dei ekstraordinære inntektene våre til fredsbevaring og konfliktdemping vil me kunne få mindre krig og naturkollaps utanfor våre grenser. Det vil òg gje oss nettopp lågare importert prisvekst. Det er ei skam av historiske dimensjonar at regjeringa denne våren ikkje har valt å trekkja norske investeringar ut av Israel og det grufulle folkemordet som går føre seg i Palestina. I staden sit me att med at SV har forhandla inn nokre vage formuleringar ingen heilt veit kva betyr. Me er mange som aldri vil gløyma dette sviket frå Stoltenberg, Støre og det norske Stortinget. Dette reviderte budsjettet var ei moglegheit til å visa leiarskap i møte med vår tids største utfordringar. Regjeringa feila igjen. Miljøpartiet Dei Grøne seier tydeleg at me treng eit budsjett for framtida, ikkje fortida. Me treng klimarettferd, ikkje meir asfalt, olje og profitt til dei aller rikaste. Med det tek eg opp forslaga til Miljøpartiet Dei Grøne.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat