Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 20. jun 2025
Innlegget
For fire år sidan gjekk ei ny regjering på og erklærte at klima og natur skulle vera ramma rundt all politikk. I dag, på den siste dagen i stortingsperioden, har me fasiten: Rekordmykje natur har vorte bygd ned i Noreg. Me har ikkje fått noko nasjonalt klimamål. For kvar krone som vert investert i fornybar energi i dette landet, vert det investert 27 kr i fossil energi, det me alle veit øydelegg klimaet på kloden – 27 kr per krone til fornybar energi. I tillegg har heile ideen om å spara straum no vorte avvist. No er det tut og køyr og noregspris. La oss sjå litt på kva noregspris faktisk er. For det første: Ordninga gjer at det lønar seg med sløsing. Jo meir straum ein brukar, jo meir støtte får ein. Har ein stort hus, stor hytte, boblebad og varmekablar i oppkøyrselen, er ein vinnaren. Har ein spart straum i årevis, har ein investert i varmepumpe eller solceller, eller bur ein trongt, ja, då tapar ein. Inntekt, formue og forbruk heng saman, og noregspris er direkte usosialt. Det gjev mest til dei som brukar mest, og dei som brukar mest straum, har som regel høgast inntekt frå før. Ordninga bommar fullstendig på målet om å hjelpa dei som verkeleg treng det. Noregspris undergrev òg heile grunnlaget for å bruka straum smartare. Når staten tek rekninga, lønar det seg ikkje å spara straum. Når straumprisen er lik heile døgnet, er det ikkje nokon vits i å investera i smarte trykkvarmarar eller annan teknologi som brukar straum når belastninga på straumnettet er lågast. Resultatet er høgare forbruk, meir rasering av natur og meir press på kraftsystemet. Det er kommunane, næringslivet og naturen vår som må plukka opp rekninga. Hushaldninga får fastpris, men alle andre, som barnehagar, skular, sjukeheimar og bedrifter, vert ståande igjen med høgare marknadspris og høgare nettleige. Det er heilt bakvend politikk. Det er ei gåte korleis det kunne verta eit sosialdemokratisk prosjekt å øydeleggja for straumsparing og subsidiera straumforbruket til dei rikaste. Einar Gerhardsen må snu seg i grava no. Ei mykje betre løysing er den Miljøpartiet Dei Grøne har føreslått: ei flat straumstøtte til alle husstandar når straumen er dyr, uavhengig av forbruk. Det gjev mest til dei som har minst, og det gjev folk tryggleik samtidig som det gjer det lønsamt å spara. Noregspris er eit eksempel på kor gale det kan gå når populismen får dominera debatten og Arbeidarpartiet diltar etter. Stortinget treng eit sterkt Miljøpartiet Dei Grøne over sperregrensa for å få ein politikk som er bra for folk, natur og klimaet. Det håpar eg me får etter valet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat