Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. okt 2024

Innlegget
Mangelen på arbeidskraft vil vere ei utfordring for landet vårt dei neste åra. Det er det peikt på i utsynsmeldinga som regjeringa la fram i fjor, og i perspektivmeldinga som finansministeren presenterte no i august. Vi har også eit behov for å rekruttere fleire til profesjonsutdanningane. Den av profesjonsutdanningane som kanskje formar oss mest som menneske, er nettopp den som gjev oss lærarar. Representanten frå Høgre er forståeleg nok bekymra for søkjartalet til læraryrket, men samtidig er det Høgre som har ivra mest for å leggje ned Nesna, ein kritisk studiestad for lærarutdanning på Helgeland. Det er utruleg viktig når vi har mangel på arbeidskraft, også å gjere lærarutdanninga tilgjengeleg der folk bur. Det er ikkje berre dei som kjem frå vidaregåande skule som er aktuelle kandidatar til dette yrket, men også dei som allereie har etablert seg med hus og heim, og som kan sjå ei moglegheit til å gå inn i yrket, om ein legg til rette for fleksibel og desentralisert utdanning. Senterpartiet har satsa stort på desentralisert utdanning for å styrkje rekrutteringa samtidig som vi sikrar lokalsamfunna kompetanse dei sårt treng. Slik utviklar vi heile Noreg og løyser utfordringane vi står framføre. Samtidig er det viktig å framsnakke yrket, leggje til rette for at lærarane skal kunne utøve yrket sitt med tydelege rammer for undervisning og skulemiljø, og at kommune og fylkeskommune har gode nok rammer til å kunne prioritere skuletilbodet i det ganske land. Vi har no fått endå fleire motiverte lærarstudentar, som tidlegare måtte gje opp draumen om å bli lærar fordi dei ikkje hadde ein firar i matte. Det er noko rart over at Høgre til sjuande og sist legg opp til at vi heller skal ha ufaglærte til å leie klasserommet, framfor ein kvalifisert lærar som har vore gjennom eit heilt utdanningsløp, men kanskje ikkje hadde firar i matte i utgangspunktet. Det handlar ikkje berre om ein pluss ein og abc. Det handlar meir om praktisk tilnærming og det å forme ungdomane våre til gagns menneske for framtida. Då treng vi fleire gode lærarar med mangfald i kompetanse og bakgrunn. Senterpartiet er opptekne av at vi skal ha gode skular i heile landet, der lærarane skal ha gode arbeidsvilkår for undervisning. Vi meiner regjeringa har gjort mykje for dette, og at dei har ei god retning vidare. Dessverre er Høgre meir opptekne av struktur, sentralisering og system enn av eit godt tilgjengeleg tilbod der våre barn og unge veks opp og lever sitt liv.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat