Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. nov 2024
Innlegget
Eg jobbar sjølv i Nav, og eg er som fagperson oppteken av å behandle alle med respekt og verdigheit. Å innføre eit karensår gjorde livet til mange veldig, veldig vanskeleg. Som fagperson gjorde det òg jobben min veldig vanskeleg – å møte dei som har det krevjande nok frå før, med at dei skal verte fråtekne inntektssikringa si og verte verande uavklarte. I motsetnad til det representanten Olsen seier, fekk vi òg fleire på uføretrygd då. Eg anbefaler representantane frå Høgre og Framstegspartiet å ta seg ein tur ut på Nav-kontora, snakke med oss fagfolk og treffe brukarane, som veit kvar skoen trykkjer. Vi har moglegheit i dag til å bruke aktivitetskrav, og vi gjer det. Vi gjer det med verdigheit og respekt for at folk der ute skal få den hjelpa dei treng til å kome seg ut i arbeid. Vi har ein veldig god ungdomsgaranti, vi har eit kvalifiseringsprogram, og vi nyttar individuell plan – rett og slett for at ein skal få tett oppfølging til å kome seg ut i jobb. Så skal vi ha respekt for at dei som er sjuke, må få vere sjuke og få ha ei inntektssikring. Dei som kan jobbe noko, skal få jobbe noko. Vi skal gjere det vi kan for å leggje forholda til rette for at dei får gjere det. Med den stortingsmeldinga vi har fått no, som vert behandla til våren, har eg mykje meir tru på tettare oppfølging, fleire lågterskeltilbod og moglegheiter for å få kontakt med ein saksbehandlar i fyrstelinjetenesta som kan følgje ein. Det vil vere riktig medisin. Blant anna har eg stor tru på forsøk med fireårig lønstilskot for unge som er eller står i fare for å verte uføretrygda.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat