Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 16. des 2024

Innlegget
I dag skal me for siste gong denne fireårsperioden behandla helsebudsjettet. Mykje har skjedd sidan det siste helsebudsjettet i førre fireårsperiode. I desember 2020 jobba eg innan psykisk helsevern. Eg hugsar ikkje datoane så godt, men eg hugsar godt den månaden. For nokså nøyaktig fire år sidan fekk pasientane våre beskjed om at ingen fekk innvilga permisjon for å kunna vera heime på julaftan. Koronasmitten var stor den månaden. Så vidt eg hugsar, var alle frivillig innlagde, og det var sjølvsagt moglegheit for å avslutta behandlinga og reisa heim. Eg treng nok likevel ikkje seia at den jula var blytung. Det er heilt uforståeleg for meg at folk trur at det som skjedde med den psykiske helsa til folk under koronapandemien, berre ville forsvinna så fort samfunnet var ope igjen. Folk blei sjuke, og folk blei verre. Å bli frisk frå psykisk sjukdom tek tid, og det tek lengre tid jo sjukare me er. Det er uforståeleg for meg at visse parti trur at løysinga berre er å reversera auka rammefinansiering av sjukehusa, og då særleg til psykisk helse, og å innføra fritt behandlingsval igjen. Fortener ikkje folk som har psykiske lidingar, at me har eit system som kvalitetssikrar behandlinga folk får, og som sikrar at ikkje berre dei mest ressurssterke får behandling? Det er i tillegg uforståeleg for meg at det er parti som trur at ingenting av det som skjer rundt i verda, vil påverka oss i Noreg, at det som skjer i nabolandet vårt eller andre plassar i verda, ikkje vil påverka kostnadsnivået og utgiftene i både sjukehus og kommunar. I tillegg til å innføra eit system som ikkje gjev likeverdig behandling, og å redusera rammefinansieringa, var helsepolitikken til Høgre å kutta i sjukehusbudsjetta ved å gje 80 pst. av den faktiske kostnaden sjukehusa hadde, noko som har resultert i underfinansierte sjukehus i dag. Fastlegeordninga gjekk for lut og kaldt vatn, og partiet er ein innbiten forsvarar av dagens helseføretaksmodell, sjølv om fleire og fleire – òg parti på Stortinget – ser at han ikkje fungerer. Fleire Høgre-politikarar har uttalt at dei ønskjer å auka innsatsstyrt finansiering til det nivået det var på før, sjølv om både kvinnehelseutvalet og andre som jobbar med psykisk helse, meiner at dette er feil. Høgre går til val på meir av det same gamle. Det er totalt feil medisin. Reversering av alt me har gjort dei siste åra, er heilt feil medisin. Gjennom den tida me har vore i regjering, har bl.a. sjukehusbudsjetta auka med rundt 10 mrd. kr. Me har auka rammefinansieringa, og me har tatt bort den urettferdige måten å underfinansiera sjukehusa på. Me har levert ein opptrappingsplan for psykisk helse og ei førebyggings- og behandlingsreform, me har styrkt fastlegeordninga, og helseministeren har sikra eit godt samarbeid mellom forskjellige aktørar for å få ned ventetidene, Ventetidsløftet. Allereie no ser me resultat. Me ser at mange fleire menneske har fått fastlege. Me ser at det er 16 000 færre på ventelister samanlikna med for eitt år sidan. Det meiner eg er rett medisin. For fire år sidan var det stor motstand mot måten den dåverande regjeringa dreiv helsevesenet på. Eg begynte å jobba på sjukeheim hausten 2013 og kom inn på Stortinget hausten 2021. Eg sprang meir og meir. Det fell òg saman i tid med den tida Solberg-regjeringa styrte Helsedepartementet. Eg er glad for at me har brukt dei siste åra på å få det på rett kjøl igjen, trass i både etterdønningar av pandemien og stor uro i resten av verda. Me har framleis ein lang veg å gå, men eg er meir enn overtydd om at me aldri må gå tilbake til sånn som det var.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat