Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Det er fascinerande at ein klarar å gløyma fortida på denne måten. Sidan det er førjulstid, liker eg godt å mimra tilbake. Då Høgre styrte landet, blei det lagt ned døgnplass etter døgnplass. Det var faktisk så gale at Stortinget gjekk mot Høgre og sa at no er det nok, no må me få opp igjen talet på døgnplassar. Det har me vore opptekne av å følgja opp. Me har bedt sjukehusa gjennom oppdragsbrev om å følgja det opp. Me har styrkt det psykiske helsetilbodet både i kommunane og i sjukehusa. Det som er det aller viktigaste når det gjeld psykisk helse, er at ein får hjelp så tidleg som mogleg, og at ein har eit ope og tilgjengeleg tilbod som ein kan gå til den dagen ein har det skikkeleg drit.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 16. des 2024 — OverStortinget