Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2024

Innlegget
Når det gjeld det samla talet på døgnplassar gjennom vår tid, har det ikkje blitt lagt ned fleire døgnplassar. Det er det stikk motsette av det som skjedde under Høgres periode i Helse- og omsorgsdepartementet. Eg synest det er ganske sjarmerande at Senterpartiet og Høgre no plutseleg er einige om at døgnplassar er viktig, når det ikkje var viktig for partiet Høgre då dei hadde moglegheita til å kunna styra dette på eiga hand. Det er forskjell på det ein ønskjer når ein er i opposisjon, og det ein faktisk prioriterer når ein har moglegheita til å kunna prioritera det. Eg er veldig glad for at me gjennom desse tre åra har klart å styrkja psykisk helse slik me har gjort. Som eg òg nemnde i innlegget mitt: Det er ganske uforståeleg at eit tidlegare styringsparti ikkje klarar å forstå at situasjonen i verda faktisk òg påverkar oss.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat