Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg er veldig oppteken av at folk som bur på sjukeheim rundt om i Noreg, skal ha ein god kvardag, og at regjeringa skal følgja opp det punktet som det er semje om i Stortinget. Eg vil berre nemna at noko av det viktigaste når det gjeld å ivareta menneske som er under omsorga til dette landet eller kommunane våre, er at kommunane faktisk har moglegheita til å kunna gjera det, at dei har moglegheita til å kunna tilsetja gode folk, til å ha gode sjukehus. Eg meiner, i motsetnad til representanten Hoksrud, at kommunane sjølve skal bestemma dette. Me skal ikkje sitja her i Stortinget å bestemma om det f.eks. skal vera ein sjukeheim i Suldal. Det har me ikkje moglegheita til – det skal kommunen gjera. Eg vil ikkje at besta mi skal bli sett ut på anbod, eller at besta skal bu på Noregs største sjukeheim langt frå der ho har vakse opp, eller der ho kjem frå.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 16. des 2024 — OverStortinget