Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2024

Innlegget
Kanskje representanten Hoksrud skal få vaska øyra sine før jul. Eg sa i svaret mitt at eg forventar at regjeringa følgjer opp det det er semje om i Stortinget. Eg sa òg at for å kunna følgja opp at ikkje menneske som er i omsorga anten til staten eller kommunane, får dårleg behandling, er det avgjerande at me har moglegheita til å kunna tilsetja nok folk til å ha gode sjukeheimar – sjukeheimar som er pussa opp. I går høyrde eg f.eks. om ein kar som har fått Parkinsons sjukdom, og som bur i ein kommune i Innlandet. På grunn av omlegginga av inntektssystemet til kommunane som me gjorde no i vår, som var på høg tid, får kommunen han bur i og den sjukeheimen han bur på, endå meir pengar enn det den førre regjeringa la opp til. Det er rettferdig eldreomsorg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat