Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg er heilt einig i framstillinga til representanten Bollestad. Eg vil berre seia at ho og partiet hennar er hjarteleg velkomne over på sida vår. Det som eg òg snakka litt om i innlegget mitt, handla om at ein skal få hjelp så tidleg som mogleg, at ein skal ha tilbod rundt om og i nærleiken, som er opne og tilgjengelege. Eg trur at ved å ha moglegheita til å kunna få hjelp raskt, vil ein kunna unngå at folk blir så sjuke at dei vurderer eller gjer sjølvmord, men også at ein klarar å fanga det opp så tidleg at ein klarar å koma tilbake igjen, klarar å ha eit godt liv, at ein kan bli frisk. Det er den rette vegen å gå. Eg er veldig glad for at ein gjennom opptrappingsplanen for psykisk helse har vore så tydeleg på at folk skal kunna få hjelp så nær der dei bur som mogleg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 16. des 2024 — OverStortinget