Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

I dag kjem eg med bod om gode nyheiter: Over 60 000 fleire har fått fastlege, og over 16 000 færre står på venteliste samanlikna med denne tida i fjor. Kristeleg Folkeparti har gått ut og sagt at dei støttar ein statsminister frå reverseringspartiet Høgre, og noko av det reverseringspartiet Høgre har sagt at dei vil gjera viss dei kjem til makta, er å setja satsingane i Nasjonal helse- og samhandlingsplan på spel. Dei vil gå tilbake til meir innsatsstyrt finansiering og mindre grunnfinansiering. Dei vil bl.a. innføra fritt behandlingsval. Om det blir regjeringsskifte neste år, kjem Kristeleg Folkeparti til å støtta systema og sentraliseringspolitikken til tidlegare helseminister Bent Høie, eller vil Kristeleg Folkeparti jobba for og kjempa vidare for ei styrking av satsingane som vår regjering har fått til gjennom dei siste tre åra?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 16. des 2024 — OverStortinget