Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg har problem med korttidsminnet. Eg har òg problem med korttidsminnet, sa George Clooney, men då på engelsk. For fire år sidan, i den siste helsedebatten i førre regjeringsperiode, halverte jo denne regjeringa heildøgns omsorgsplassar. Det er visst gløymt i dag. Eg meiner at god eldreomsorg er å sikra at alle kommunar har moglegheita til å tilby det. Det gjer me jo gjennom ei betre fordeling av midlane til kommunane. Tidlegare i dag snakka eg om ein kar med Parkinsons som hadde fått sjukeheimsplass i ein kommune i Innlandet, ein sjukeheim som var veldig nedsliten. I vår vedtok me jo eit nytt inntektssystem for kommunane, der Oslo-partiet Høgre ikkje var interessert i å ha eit nytt inntektssystem, eit inntektssystem som sikrar at han karen med Parkinsons faktisk kan få ein mykje finare sjukeheim å bu på. Eller er det sånn at Høgre ønskjer å styra sjukeheimane frå Stortinget, sånn som Framstegspartiet vil? Har dei lyst til å senda besta mi på anbod, eller på Noregs største sjukeheim langt vekke ifrå oss? Det ønskjer iallfall ikkje eg. I løpet av debatten blir eg meir og meir overtydd om at Høgre er ein forsvarar av system, og ikkje av pasientane, og at den politikken som dei kjem til å gå til val på i haust, vil vera ein type politikk som knapt nokon andre enn Finansavisen på leiarplass ønskjer å ha.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 16. des 2024 — OverStortinget