Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. des 2024
Innlegget
Vi lever i ei uroleg tid. Vår tids største utfordring er utanforskap og einsemd. Ein av fem i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet. Ein av fem – det er 620 000 menneske i alderen 20–66 år. 100 000 unge står utanfor arbeidslivet. Alle er meir enn det ein ser, og alle treng å vete at ein høyrer til, og å oppleve meistring. Arbeid til alle er jobb nummer éin. Målet i Hurdalsplattforma er full sysselsetjing og at alle som ønskjer det, skal få ein jobb å gå til. Sidan Arbeidarpartiet kom i regjering, har meir enn 145 000 fleire fått seg eit arbeid, åtte av ti i privat sektor, men framleis er det mange unge med samansette problem som står utanfor arbeidslivet, og det er behov for eit krafttak. I mitt daglege arbeid i Nav møter eg fleire av dei, og dei seier at dei har behov for tett og heilskapleg oppfølging frå helseapparatet, frå Nav og frå skule for å få kompetanse og kvalifisering til å kome seg ut i arbeid. Difor er eg glad for at vi føreslår 17 mill. kr til å utvikle fleire lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester til unge med samansette problem. Arbeidsmarknadstiltak og naudsynte ressursar til dyktige fagfolk i Nav skal styrkjast med 500 mill. kr, og det er sett av 30 mill. kr til utvikling av forsøk med eit nytt ungdomsprogram som gjev unge som står utanfor arbeid og utdanning, moglegheit til å få ei inntektssikring og arbeidsretta oppfølging utan krav om medisinsk diagnose. Vi vil òg styrkje satsinga på varig tilrettelagt arbeid med 500 fleire arbeidsplassar til dei som har uføretrygd. Budsjettforliket med SV, der vi føreslår tiltak som styrkjer velferda, gjev folk betre råd. Det bidreg òg til grøn omstilling. Barnetrygda, studiestøtta og minstepensjonen vert auka, og vi styrkjer Husbanken og legg til rette for bygging av fleire studentbustader. Det betyr noko kven som styrer. Det vert mindre forskjellar, vi får tryggleik i ei uroleg tid, og folk får betre råd. Arbeid til alle er jobb nummer éin, og vi legg til rette for at fleire får hjelp, kvalifisering og eit arbeid å gå til.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat