Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. jan 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte i Stortinget tirsdag den 6. januar 2026 kl. 10

Innlegget

50:41] (leiar i komiteen): Senterpartiet støttar proposisjonen utanom dei to endringane, som eg vil gå inn på, og eg må seia at det er veldig gledeleg at det no ser ut til å verta eit einstemmig storting som meiner det same som Senterpartiet har stått for i innstillinga. Det er veldig bra for norske helsetenester. Når det gjeld § 21 nytt andre ledd bokstav c i helsepersonellova, som omhandlar dette med private formål, så kom det veldig tidleg fram er at her hadde ein tråkka feil i departementet. Eg kan forstå intensjonen, men når det ikkje er forklart med vern av pasienten, men av omsyn til rettferdig prioritering, då har ein gått litt feil frå byrjinga av. Departementet skreiv òg at «uttrykket ‘private formål’ skal forstås vidt», og det vart eksemplifisert i innstillinga at ein skal forstå dette slik at ein får opplysningar for å ivareta andre sine interesser, som f.eks. «en ektefelle, egne barn, slekt, venner, kolleger og naboer». Dette ville eigentleg ha ramma alle legar i heile Noreg, og det ville ha hindra det store samfunnsbidraget som alle bidrar med. Eg vil òg tru at det ville ha auka helsekøane i Noreg, så det ville vore eit veldig spesielt vedtak å gå vidare med. Eg er veldig glad for at komiteen har tatt høyringsinnspela på alvor og ikkje vedtar akkurat denne endringa. Dei andre forslaga i proposisjonen er jo einstemmige, og dei er sjølvsagt veldig viktige. Det som dette ville ha ført til, var at om ein som lege gjekk inn og fekk ein del helseopplysningar frå ein person ein ikkje var sett til å behandla, ville den handlinga bli likestilt med misbruk av teiepliktig pasientinformasjon og journalsnoking og brot på teieplikta, og det ville kunna føra til bøter og fengsel i opptil eitt år. Så det var faktisk eit veldig oppsiktsvekkjande forslag. Når det gjeld helsepersonellova § 21 tredje ledd, om å fjerne unntaket når opplysningane er anonymiserte, var det òg eit feiltrinn frå departementet, der ein sidestilte anonyme opplysningar med avidentifiserte opplysningar. Eg meiner òg det er rett at ein ikkje fjernar dette unntaket, slik at ein kan bidra til kvalitetsutvikling i helsetenestene.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat