Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Spørsmålet mitt går til statsråden for forsking og høgare utdanning. I statsbudsjettet for 2026 føreslo regjeringa å kutta studieplassar i sjukepleie i distrikta og i Nord-Noreg. Grunngjevinga for dette var låge søkjartal. I forhandlingane i Stortinget om statsbudsjettet vart dette omgjort. Desse studieplassane vart likevel oppretthaldne. Når regjeringa bruker låge søkjartal som grunngjeving for å føreslå å leggja ned studieplassar, burde jo ein logisk konsekvens vera at høge søkjartal var ei grunngjeving for å oppretthalda studieplassar. Sånn er dessverre ikkje logikken til regjeringa og Arbeidarpartiet. I Alta er det oppretta politiutdanning. Dette er ei svært populær utdanning, med over ti søkjarar per studieplass. Likevel føreslår regjeringa å leggja ned politiutdanninga i Alta. Så mitt spørsmål til statsråden for høgare utdanning er: Bør ikkje populære utdanningar som gjev kompetanse som me treng, oppretthaldast?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
